Uranusmånen Ariel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ariel
Ariel fotografert av Voyager 2
Oppdaging
Oppdaga avWilliam Lassell
Oppdagingsdato1851
Baneskildring
Gjennomsnittleg baneradius
190 900 km
2,52 dagar
Satellitt avUranus
Fysiske eigenskapar
Snittdiameter
1157,8 km
4 200 000 km2
Masse1,35·1021kg
1,67 g/cm3
synkron

Ariel er den fjerde største av dei 27 kjende månane til Uranus. Ariel går i bane og roterer i ekvatorialplanet til Uranus, som er nesten vinkelrett til banen til Uranus rundt sola, og har derfor ein ekstrem årstidssyklus.

Ariel vart oppdaga i oktober 1851 av William Lassell og kalla opp etter ein karakter i to forskjellige litteraturverk. Så langt som 2012 er det meste av den detaljerte kunnskapen ein har om Ariel frå ei enkel forbiflyging av Uranus av romfartøyet Voyager 2 i 1986, som klarte å ta bilete av kring 35 % av overflata til månen. Det er ingen aktive planar om å studere månen i større detalj.

Etter Miranda, er Ariel den nest minste av dei fem store månane til Uranus, og den som ligg nest nærast planeten. Han er av dei minste av dei 19 kjende sfæriske månane i solsystemet (14. minste diameter) og ein trur at han består av omtrent like delar is og stein. Som alle Uranus-månane oppstod truleg Ariel frå ei akkresjonsskive som krinsa rundt planeten kort tid etter han vart danna, og som andre større månar er han truleg differensiert, med ei indre kjerne av stein, omgjeve av ein mantel av is. Ariel har ei kompleks overflate som består av mange krater og eit system av skråningar, kløfter og ryggar som skjer gjennom kraterterrenget. Overflata syner teikn av nyare geologisk aktivitet enn dei andre Uranus-månane, truleg på grunn av tidvassoppvarming.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]