Vadheim bedehuskapell
Vadheim bedehuskapell | |||
kapell | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Høyanger | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Sunnfjord | ||
Sokn | Kyrkjebø | ||
Arkitekt | Andreas P. Vattekar | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 31. januar 1954 (som kapell) | ||
Sitjeplassar | 130 | ||
Vadheim bedehuskapell 61°12′29″N 5°49′48″E / 61.2080574°N 5.82999992°E | |||
Wikimedia Commons: Vadheim bedehuskapell | |||
Vadheim bedehuskapell er eit kapell i bygda Vadheim inst i Vadheimsfjorden i Høyanger kommune i Vestland.
Bygget vart sett opp på dugnad som bedehus i 1914. Det vart vigsla til kapell 31. januar 1954.
Altartavla er frå 1954 og er måla av Wilhelm Bjørknes. Ho viser Jesus i Getsemane.
Kapellet høyrer til Kyrkjebø sokn i Sunnfjord prosti. Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg det i Lavik prestegjeld.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Vadheim bedehuskapell» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- «Vadheim bedehuskapell» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon