Ålhus kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°31′50″N 6°14′2″E

Ålhus kyrkje
Aalhus kyrkje01.JPG

Foto: PerPlex

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Bjørgvin
Prosti:  Sunnfjord
Fellesråd:  Jølster
Sokn:  Ålhus
Innvigd:  1795
Endringar:  1868: bordkledd
1933: påbygd sakresti
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Kyrkjerommet
Plassar:  250
Commons-logo.svg
Ålhus kyrkje på Commons

Ålhus kyrkje står på Ålhus i Jølster kommune i Sogn og Fjordane, og er ei tømra langkyrkje frå 1795.[1]

Ålhus kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Ålhus kyrkje
Kyrkja fotografert i 1934.

Kyrkja vart restaurert i 1868, då vart kyrkja bordkledd og kvitmåla og vindaugene vart gjord høgare. I 1871 vart det bygd galleri og veggene innvendig vart gulmåla medan taket vart måla kvitt. Sakresti vart byd til i 1933. I perioden 1947-1951 vart kyrkja restaurert, då vart mellom anna gulmålinga teken bort att frå veggene.[1]

Den noverande kyrkja erstatta ei stavkyrkje frå mellomalderen.[1] Altartavla, altaret, døypefonten, ei kyrkjeklokke og preikestolen vart flytt over frå stavkyrkja og er framleis i bruk. Altaret er i kleberstein og har gøymer for relekvie.[2]

Også døypefonten er frå mellomalderen, medan altartavla er ein kopi etter Rubens og vart gjeven til kyrkja i 1691.[3] I våpenhuset står det ei gammal dør som det vert sagt at er frå borga til Audun Hugleikson.[1] Gravstaden til målaren Nikolai Astrup er på kyrkjegarden ved kyrkja.[1]

Ålhus kyrkje er soknekyrkje i Ålhus sokn i Sunnfjord prosti. Fram til Vassenden kyrkje vart vigsla i 2002 var ho einaste kyrkja i soknet.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Hermund Kleppa: «Ålhus kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og FjordaneVitja 27. desember 2008
  2. Alf Henry Rasmussen (red., 1993) Våre kirker : norsk kirkeleksikon – utgjevingsstad ikkje oppgjeven [«Ålhus kyrkje» på s. 339] – ISBN 82-7527-022-7 .
  3. «Ålhus kyrkje» i NRK Sogn og Fjordane FylkesleksikonVitja 27. desember 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]