Valsugana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bassa Valsugana con laghi Levico e Caldonazzo.jpg

Valsugana er ein av dei viktigaste dalane i den sjølvstyrte provinsen Trento (òg kalla Trentino) i Nord-Italia. Han fører opp til foten av Alpane og ein av dei gamle romerske vegane, Via Claudia Augusta, går gjennom dalen og over til Augsburg. Dette har gjort dalen til ein av dei viktigaste gjennomfartsårene mellom nord og sør i Europa. Henrik II nytta vegen for å gå om ei blokkering slik at han kunne overta trona i Det tysk-romerske riket.

Valle dei Mocheni er òg eit historisk viktig område, sidan det er eit tyskspråkleg område i Italia. Dette har opphavet sitt i tida då området vart styrt av Det tysk-romerske riket og mange tysktalande bønder og gruvearbeidarar slo seg ned i området.

Den vestlege delen av dalen nær Trento er eit populært turistområde, som vart ein turistdestinasjon seint på 1800-talet då badet Levico Therme opna og var populær hos dei øvre klassane. I nærleiken ligg òg Caldonazzosjøen og landsbyen Caldonazzo som òg er populære tursiststader like sør for Dolomittane.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Provinsehovudstaden er Trento som ligg i ein vid bredal, der Fersina og Avisio munnar ut i Adige (den nest lengste elva i Italia). Dalen er omringa av fjell som Vigolana (2 150 m), Monte Bondone (2 181 m), Paganella (2 124 m), Marzola (1 747 m) og Monte Calisio (1 096 m). Av innsjøar i nærleiken finn ein Caldonazzosjøen, Levicosjøen, Gardasjøen og Toblinosjøen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]