Gardasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gardasjøen
Gardasjøen - Gardasjøen sett frå Riva del Garda
Gardasjøen sett frå Riva del Garda
Gardasjøen - Satellittbilete av Gardasjøen med byar
Satellittbilete av Gardasjøen med byar
Stad Nord-Italia
Koordinatar 45°38′N 10°40′EKoordinatar: 45°38′N 10°40′E
Tilsig Sarca
Utsig Mincio
Tilsigsområde 2 350 km²
Største lengde 51,9 km
Største breidde 16,7 km
Overflateareal 369,98 km²
Middeldjupne 136 m
Største djupne 346 m
Vassvolum 50,35 km³
Hydraulisk opphaldstid 26,8 år
Høgd over havet 65 m
Øyar 5 (Isola del Garda, Isola San Biagio)
Busetnadar Sjå liste

Gardasjøen (italiensk Lago di Garda eller Benaco) er den største innsjøen i Italia. Han ligg nord i landet, om lag halvvegs mellom Venezia og Milano. Gardasjøen ligg i eit fjellområde og vart danna av isbrear under den siste istida. Av provinsar rundt innsjøen finn ein Verona (i søraust), Brescia (sørvest) og regionen Trentino i nord. Innsjøen er ein stor turistdestinasjon med mange hotell og feriestader langs breidda.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

View of south lake near Peschiera del Garda (Verona, Italy) (probably with Lake Frassino or River Mincio), at the top off the painting are the mountains of Brescia (Italy). Painted after 1533 by Girolamo dai Libri.

Den nordlege delen av innsjøen er smalare enn resten og omgjeve av fjell, som stort sett høyrer til Gruppo del Baldo. Han har her ei form som er typisk for ein morenedal. Sjølv om ein kan sjå spor etter isbreane meiner ein at isbreen låg i ein dal som alt var danna av elveerosjon for 5 til 6 millionar år sidan.

Innsjøen har fem øyar og den største av dei er Isola del Garda. Naboøya Isola San Biagio vert òg kalla Isola dei Conigli («Kaninøya»). Begge ligg utanfor San Felice del Benaco i Brescia. Dei tre mindre øyane er Isola dell'Olivo, Isola di Sogno og Isola di Trimelone.

Den største elva som munnar ut i innsjøen er Sarca, medan Mincio er det einaste utsiget.

Av dyreliv finn ein Salmo carpio, ein lakseart som berre finst i Gardasjøen. Andre artar er:

Stader og attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Den gamle festningsbyen Sirmione ligg i sørenden av innsjøen og er ein særleg populær turistattraksjon. Den vakre borga Scaliger er frå 1200-talet. Den romerske villaen var heimstad til diktaren Catullus. Svovelkjeldene ved enden av halvøya har rykte på seg for å vere lækjande for katarr, særleg når ein har det i øyre.

I nærleiken ligg Gardaland, ein av dei mest kjende parkane i Italia.

Kommunar rundt Gardasjøen
Trentino-Alto Adige
Veneto
Lombardia
Provinsen Trento
(med klokka frå vest til aust)
Provinsen Verona
(med klokka frå nord til sør)
Provinsen Brescia
(med klokka frå sør til nord)
Utsyn frå Torbole over innsjøen.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gardasjøen

Kjelde[endre | endre wikiteksten]