Trento

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trento
Byvåpenet til Trento
Byvåpenet til Trento


Plassering
Trento is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Trentino-Alto Adige
Trento
Borgarmeister Alberto Pacher
Geografi
Flatevidd
 - By

157 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

110 142
  702/km²
Koordinatar 46°4′″N 11°7′″EKoordinatar: 46°4′″N 11°7′″E
Høgd over havet 190 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 38100
Telefon-retningsnummer 0461
Nettstad: www.comune.trento.it

Trento (tysk Trient, latin Tridentum, fleire italienske dialektar nyttar òg Trent eller Trènt) er ein by i Adigedalen i Italia. Han er hovudstad i provinsen Trento i regionen Trentino-Alto Adige og har om lag 110 000 innbyggjarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kommunen Trento dekkjer eit stor område og har mange forstader og svært varierte geografiske tilhøve. Her finn ein alt frå industrielle forstader like nord for byen til små fjellgrender på Monte Bondone.

Trento ligg ein vid bredal kalla Adigedalen like sør for Dolomittane i Alpane. Her renn elvane Fersina og Avisio ut i Adige, den nest lengste elva i Italia. Dalen er omgjeve av høge fjell, inkludert Vigolana (2 150 m), Monte Bondone (2 181 m), Paganella (2 124 m), Marzola (1 747 m) og Monte Calisio (1 096 m). I nærleiken ligg innsjøane Lago di Caldonazzo, Lago di Levico, Gardasjøen og Toblinosjøen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein er ikkje sikker på opphavet til byen. Enkelte meiner han var ein raetisk busetnad, men området har vore påverka av nabofolk som venetarar, etruskarar, kimbrarar, og gallarar.

Trento vart erobra av romarane seint på i det 1. hundreåret fvt. etter fleire samanstøyt med dei raetiske stammene. Romarane gav staden namnet Tridentum etter dei tre åsane som ligg rundt byen.

Etter Romarriket sitt fall vart Trento styrt av gotarar, langobardar og frankarar før det til slutt kom inn under Det tysk-romerske riket. I 1027 oppretta keisar Konrad II av Det tysk-romerske riket fyrstebispedømet Trento, som hadde både politisk og religiøs makt i området. Dei neste hundreåra vart han derimot styrt frå anten bispedømet Trent eller grevskapet Tirol (frå 1363 ein del av Habsburgmonarkiet). Rundt 1200 vart Trento ein gruveby og særleg vart det vunne ut sølv frå Monte Calisio.

Kart frå 1700-talet over Trento.

På 1500-talet vart Trento kjend for rådet i Trento (1545-1563) som førte til motreformasjonen. Av kjende fyrstbiskopar på denne tida finn ein Bernardo Clesio (som styrte byen i 1514-1539, og som leia rådet i Trento) og Cristoforo Madruzzo (som styrte 1539-1567 under rådet). Både adelege europearar og humanistar i renessansen heldt til i byen.

Fyrstbiskopane styrte Trento fram til napoleonstida, då han hamna under fleire forskjellige statar. Under omorganiseringa av Det tysk-romerske riket i 1802 vart bispedømet sekularisert og annektert til Habsburg sine område. Pressburg-traktaten i 1805 gjorde at Trento kom under Bayern, medan Trento etter Schönbrunn-traktaten fire år seinare kom under Det napoleonske kongedømet Italia. Då napoleonskrigane tok slutt i 1814 vart Trento til slutt annektert til Keisardømet Austerrike der han vart ein del av provinsen Tirol.

Dei neste tiåra vart Trento modernisert og den første jernbanen i Adigedalen opna i 1859. Seint på 1800-talet var byar som Trento og Trieste framleis under Austerrike og vart senter for italiensk irredentisme. Dette førte til slutt Italia ut i den første verdskrigen. Området vart hardt råka under krigen og nokre av dei hardast slaga fann stad i dei omliggande fjellområda.

Etter den første verdskrigen vart dei italiensktalande provinsane, i lag med Bolzano og delar av Tirol sør for det alpinske vasskiljet (som var tysktalande), annektert av Italia.

Etter at Mussolini måtte gå av under den andre verdskrigen vart Trento ein del av Den italienske sosialistrepublikken, styrt av Mussolini, men i realiteten ein del av Nazi-Tyskland. Dei tysktalande innbyggjarane ønska å ta hemn på dei italiensktalande som budde i området, men dei vart hindra av nazistane som ønskte å oppretthalde eit godt forhold til Mussolini. Frå november 1944 til april 1945 vart Treno bombardert av dei allierte. 10 267 bomber vart sloppe ned over byen og store delar av byen vart øydelagd. Det meste av sentrumet frå mellomalderen og renessansen vart derimot spart.

Frå 1950-åra har regionen vore i økonomisk vekst, mykje på grunn av det spesielle sjølvstyret regionen har.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Trento

Kjelder[endre | endre wikiteksten]