Slaget ved Vigobukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Vigobukta
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Bakhuizen, Battle of Vigo Bay.jpg
Slaget ved Vigobukta av Ludolf Backhuysen
Dato 23. oktober 1702
Stad Ria utanfor Vigo, Galicia i Spania
Resultat Engelsk-nederlandsk siger
Partar
Flag of England.svg England
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike
Flagget til Spania Spania
Kommandantar
Flagget til England George Rooke
Flagget til Den nederlandske republikken Philips van Almonde
Flagget til Frankrike Château-Renault
Flagget til Spania Manuel de Velasco
Styrkar
25 linjeskip
+ fregattar og brannskip[1]
15 franske linjeskip
3 spanske gallionar
+ fregattar, brannskip og transportskip[1]
Tap
~200 drepne Alle skip brende eller kapra
~2 000 drepne[2]

Slaget ved Vigobukta, òg kjend som slaget ved Rande var eit sjøslag utkjempa den 23. oktober 1702 under dei første åra av den spanske arvefølgjekrigen. Krigshandlinga kom til etter eit engelsk-nederlandsk forsøk på å ta den spanske hamnebyen Cádiz i september i eit forsøk på sikre seg ein marinebase på Den iberiske halvøya. frå denne stasjonen håpte dei allierte å drive operasjonar i det vestlege Middelhavet, særleg mot franskmennene i Toulon. Dette forsøket vart mislukka, men då admiral George Rooke var på veg heimover tidleg i oktober, fekk han meldingar om at den spanske sølvflåten frå Amerika, lasta med sølv og varer, hadde nådd Vigobukta nord i Spania. Rook valte å gå til åtak med ein gong.

Krigshandlinga vart ein overveldande suksess for dei allierte: heile den franske eskorteflåten under Château-Renault, i lag med dei spanske gallionane og transportskipa under Manuel de Velasco vart anten kapra eller øydelagde. Fordi det meste av skatten hadde vorte lossa før åtaket, fekk ikkje Rooke tak i størsteparten av sølvlasta. Likevel var sigeren ein stor oppmuntring for dei allierte og var medverkande til å overtale den portugisiske kongen Peter II til å gå bort frå den tidlegare avtalen sin med franskmennene og verte medlem av Storalliansen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå slaget ved Cádiz i 1702.

Då den bourbonske Filip V tok over den spanske trona i 1700, hadde han møtt lite motstand i Spania, bortset frå katalanarane som tradisjonelt var lojale til habsburgarane.[3] I det spansk-amerikanske imperiet hadde embetsmenn og kolonistar gjort motstand mot dei franske forsøka på å ta over handelen deira. Nederlandske og engelske handelsmenn - sjølv om dei offisielt var ulovlege - vart aksepterte av spanjolane, men i Karibia, vart det vekt stor mistanke over at dei franske admiralane hadde kome over for å «verne» det spanske sølvet på veg heim til Europa.[4] Den første franske skvadronen segla i april 1701 under Marquis de Coëtlogon, men dei spanske guvernørane ville ikkje ein gong la han få kjøpe proviant, så han reiste heim att tomhendt.[4] Sidan den spanske marinen var såpass svak, så hadde ikkje styresmaktene i Madrid noko anna val enn å stole på at dei franske krigsskipa eksorterte dei. Det vart gjort stor innsats for at flåten gjekk til lands i Spania og ikkje Frankrike, der dei frykta at han aldri ville kome ut att frå.[4]

Sjøfelttoget i 1702 gjekk derfor føre seg i to fjerntliggande krigsskodeplassar i Amerika og Spania, knytt i lag av den spanske sølvflåten som kryssa Atlanteren. Den amerikanske krigsskodeplassen vart hugsa for admiral Benbow uavbrotne slag i august utanfor Santa Marta.[5] Royal Navy heldt seg derimot hovudsakleg utanfor den spanske kysten i Europa.[6] Under leiarskapen til kong Vilhelm III, hadde Dei maritime maktene - England og Dei sameinte Nederlanda – bestemt seg for å ein strategi i Middelhavet for den allierte flåten, ein plan som vart følgd vidare under etterfølgjarane til Vilhelm, som døydde i mars 1702. Ein håpte at denne strategien ville oppmuntre Portugal til å bli med i alliansen, opne Gibraltarsundet og sikre engelsk sjømakt i Middelhavet.[6] Deira allierte, austerrikarane, prøvde òg å få eit fotfeste i Middelhavet for å assistere dei å oppnå det grunnleggande målet sitt, å erobre dei spanske provinsane i Italia. For å klare dette skulle den engelsk-nederlandske flåten først erobra ei hamn på Den iberiske halvøya som skipa deira kunne operere ut frå. Dei allierte prøvde derfor, leia av admiral George Rooke, å erobre den sørspanske hamnebyen Cádiz og i same slag rive bort den transatlantiske handelen til spanjolane.[4]

Opptak[endre | endre wikiteksten]

Sølvflåten frå Amerika[endre | endre wikiteksten]

Den 11. juni 1702 forlet den spanske sølvflåten Ny-Spania frå Veracruz eskortert av ein fransk skvadron kommandert av admiral Château-Renault. Dei spanske fartøya vart kommandert av Manuel de Velasco i den armerte gallionen hans, «Capitana de Barlovento», eit av tre skip som utgjorde Armada de Barlovento som skulle verne flåten. Heile konvoien nådde Havanna den 7. juli, før dei sette av stad over Atlanteren den 24. juli.[7] Flåten bestod av 56 fartøy: 22 var spanske og resten franske, inklduert fleire handelsfartøy, som mot slutten av reisa hadde segla for Frankrike så snart dei var sikre på at tryggleiken deira vart ivaretatt over Atlanteren.[7]

Då Château-Renault hadde segla mot Karibia i 1701 hadde ikkje krigen mellom Frankrike og Dei maritime maktene starta enno, emn konvoien fekk sidan meldingar om at krigen var i gang og om blokaden til Rooke av Cádiz, der sølvflåten vanlegvis segla til frå Amerika.[7] Det var derfor klart at dei trengde ei ny hamn. Valesco tenkte på den vesle hamnebyen Los Pasajes, men Château-Renault ønskte heller Brest eller La Rochelle, eller til og med Lisboa.[7] Dei kom fram til eit kompromiss og 23. september nådde den fransk-spanske flåten Vigobukta i Galicia. Dei vart derimot forseinkinga med lossinga av lasta. Heile det administrative apparatet (inspektørar, taktsmenn, kongelege embetsmenn, osv) var i Sevilla og Cádiz, og dei måtte venta på desse før dei kunne setje noko på land. Då lossinga omsider starta fann ein ut at ein mangla transportmidlar for å frakte varene vidare. Som følgje av dette vart sølvet prioritert, og dette vart derfor lossa først og sendt innover i landet til Lugo.[8]

Admiral George Rooke (1650–1709) av Michael Dahl.

Alliert forfølging[endre | endre wikiteksten]

Midtvegs ut i oktober fekk dei engelske styresmaktene vite om at spanjolane hadde nådd Vigobukta, og sende med ein gong meldingar for å leite ette Rook og admiral Cloudesley Shovell. Sistnemnde hadde segla med skvadronen sin utanfor Ushant.[9] Rooke var no på veg heimover etter det mislukka toktet mot Cádiz, som hadde gått gale på grunn av dårleg disiplin og dårleg samhandling. Rooke fekk vite om den spanske konvoien frå eit av hans eigne skip - kaptein Thomas Hardy på «Pembroke», som hadde vorte verande att i den portugisiske hamnebyen Lagos. Skipspresten på «Pembroke», ein mann frå Jersey, hadde fått vite om dette frå ein skrytande fransk konsul om at sølvflåten var i hamna. Hardry sette til sjøs og nådde Rooke att den 17. oktober, akkurat i tide før han kryssa Biscayabukta.[10]

Rooke sende skip for å utforske munningen av Vigobukta. Eit landgangsparti hadde henta informasjon frå ein fanga munk om at kong Filip sin del av skatte alt var frakta i land, men at mykje av rikdomen framleis var ombord på dei spanske skipa.[10]

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved Vigo Bay 1702. Festningsmuren kring Vigo står om lag halvegs ned i bukta.

Kvelden den 22. oktober gjekk den engelsk-nederlandske flåten inn i Ria de Vigo og segla forbi to fort ved byen Vigo, som skaut mot dei då dei passerte. Inst i bukta låg den franske flåten og den spanske sølvflåten i hamna i Redondela, omgjeve av dei galiciske fjella. Château-Renault tok leiinga av forsvaret og blokkerte den smale inngangen, over Rande-sundet, med tjukk tømmerbom.[10] nordenden av bommen var det eit kanonbatteri som i følgje journalen til Rooke bestod av 15-16 kanonar. I sørenden låg Fort Rande litt oppfor sjøen og bestod av eit sterkt steintårn med platformer for kanonar. Mellom tårnet og vasskanten låg det ein forsterka inngjerding, og i botn låg det eit batteri som overvaka sunda. Totalt hadde festningesverka ved Rande meir enn 30 kanonar. For å støtte dei franske soldatane på flåten, vart det heva fleire barrikadar av prinsen av Barbanzon, guvernør og generalkaptein i Galicia.[7]

Ombord på «Royal Sovereign» diskuterte eit alliert råd om korleis dei skulle angripe. Planen var å øydeleggje bommen med engelske og nederlandske skip, medan soldatar frå flåten øydela forsvarsverka på land. Slaget kom ikkje til å verte eit vanleg linjeslag, sidan det ikkje var plass nok i Vigobukta til det, så Rooke måtte tilpasse taktikken sin til situasjonen..[11]

Bommen[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved Vigobukta. ukjend

Tidleg om morgonen den 23. oktober, leia viseadmiral Thomas Hopsonn i HMS «Torbay» åtaket på bommen, tett følgd av ein sterk skvadron av engelske skip, og nederlandske fartøy under viseadmiral Van der Goes.[12] Nær kvar ende av bommen hadde Château-Renault fortøydd to av dei største krigsskipa sine: «Bourbon» og «Esperance». Innanfor bommen låg fem andre krigsskip fortøydd med breisidene mot inngangen.

Samstundes hadde Ormonde med om lag 2 000 mann gått i land nær Teis og marsjerte mot Fort Rande. Ormonde sendte Lord Shannon med baktroppen av grenaderar for å angripe stillinga, forsvart av fleire hundre soldatar. Muren rundt den ytre avdelinga vart storma, og batteriet som vendte mot sjøen vart øydelagd i tide til skipa kunne bryte bommen. Tårnet, som var forsvart av kring 300 fransk-spanske soldatar, heldt ut noko lenger, men òg dette fall til dei allierte grenaderane. Då kanonane på sørsida var øydelagde byrja åtaket til Ormonde og «Association» med 90 kanonar gjekk til åtak og tok batteriet på nordsida av bukta. [12]

«Torbay» hadde vinden på si side og rende inn i bommen, som brast, og skipa strøymde gjennom og inn til den franske skvadronen bakom. Vinden forsvann derimot brått, slik at andre allierte fartøy ikkje kunne kome etter. Hopsonn var derfor ei stund i undertal. Det vart lagt eit brannskip ved sidan av Torbay og sett i brann. Heldigvis for Hopsonn, så hadde spanjolane etterlate seg utbrente veke frå Karibia, og eksploderte brått. Ei stor røyksky dekte det engelske fartøyet og delar av brannen sløkte slik at mannskapet fekk kontroll over dei gjenverande flammane.[13] I følgje Rooke drukna 53 mann i hendinga, men då vinden igjen tok seg opp, klarte dei allierte skipa å kome seg forbi bommen og inn til fienden.

Utan bommen og forta på sidene, hadde ikkje den fransk-spanske flåten mykje å stille opp med. Dei ytte lite motstand, og mennene til Château-Renault sette skipa sine i brann i hamna, før dei søkte tilflukt på land. Dei allierte sjømennene arbeidde natta gjennom for å redde utbyttet, og om morgonen var det ikkje eit einaste fransk eller spansk fartøy som ikkje anten hadde vorte kapra eller øydelagd..[13]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Tap og gevinst[endre | endre wikiteksten]

Vigobukta var ein stor katastrofe for franskmennene:[14] av 15 linjeskip, to fregattar og eitt brannskip, kom ikkje eit einaste fartøy seg unna.[15] Fem skip vart kapra av engelskmennene og eit anna av nederlendarane. Resten vart brende, anten av dei allierte eller franskmennene sjølve. Det gjekk like dårleg med spanjolane: av tre gallionar og 13 handelsfartøy i flåten, vart alle øydelagde, bortsett frå fem som vart teken av dei allierte (minst tre av dei av engelskmennene). Den 24. oktober var det heile over og det som var igjen av skip og festningsverk vart øydelagde av skvadronen til admiral Shovell den 27. oktober.[15] Tapa til den spanske marinen gjorde at dei var totalt avhengig av den franske marinen for å oppretthalde kommunikasjonen med Amerika.[16]

Dei spanske styresmaktene vart likevel ikkje råka økonomisk. Dei eigde berre to av tre store gallionar og ingen av handelsfartøya. Dei som tapte mest, ikkje berre tapa av skipa, men òg frå dei dyrebare varene ombord (pepper, kochenille, kakao, veke, indigo, huder osv.) var private handelsmenn. Meldinga om at sølvflåten hadde kome trygt fram til Vigo vart først feira av handelsmenn i Holland, men dei påfølgjande rapportane om slaget vart møtt med blanda kjensler i Amsterdam sidan rikdomen som vart kapra eller øydelagd høyrde like mykje til engelske og nederlandske handelsmenn som det gjorde til dei spanske.[17] Dei spanske styresmaktene eigde sølvet, og det meste av dette hadde alt vorte lossa frå skipa før dei allierte gjekk til åtaket, og det vart til slutt frakta til borga i Segovia.[18] Dei allierte klarte derfor ikkje å ta så mykje av sølvet sjølv. Myntmeister Isaac Newton sa i juni 1703 at den totale mengda metall som vart gjeve til han var kring 2043 kg sølv og om lag 3,4 kg gull, ein estimert verdi på berre £14 000.[19] I februar 1703 gav Filip V ut eit påbod, som ein slags represalie, om å konfiskere all sølvet som hadde kome med sølvflåten og som høyrte til engelskmenn eller nederlendarar, totalt fire millionar peso. I tillegg valte kongen å låne to millionar peso frå det som hadde kome frå spanske handelsmenn og konsulatet i Sevilla. Totalt klarte Filip å halde nesten sju millionar peso, som utgjorde om lag halvparten av sølvet frå flåten, nokre av dei største summane i historia som ein spansk konge har fått frå den amerikanske handelen.[20] Resultatet vart ein uventa stor økonomisk gevinst for Filip V.[20]

Methuen-avtalane[endre | endre wikiteksten]

Suksessen ved Vigo hadde store følgjer for Storalliansen. Då den bourbonske Filip V tok over den spanske trona, ønskte kong Peter II av Portugal å halde vennskapen med den meir mektige naboen, og signerte ein allianse med Frankrike i juni 1701. Men det var tryggleiken til det oversjøiske imperiet til Portugal som var viktigaste, og ikkje så mykje grensa i innlandet.[21] For å verne handelsrutene til Portugal frå Sør-Amerika, visste ministrane i Lisboa at dei måtte allierer seg med den dominerande marinen i Atlanterhavet. Etter at Rooke vann ved Vigo, var det tydeleg at Dei maritime maktene hadde den sterkaste marinen.[21]

I mai 1703 signerte portugisarane Meuthen-traktaten med England. «Bevaringa av våre oversjøiske koloniar gjer det uunnverleg for oss å ha godt samband med maktene som no kommanderer havet», kommenterte José da Cunha Brochado, den portugisiske ministeren i London. «Kostnaden er stor, men for oss er ei slik forståing essensiell».[21] Det var ein triumf for dei allierte å skilje Portugal frå den franske alliansen: med Lisboa som base for den allierte flåten, kunne dei dominere Gibraltarsundet og hindre franske kamphandlingar i Middelhavet.[22] Men ein allianse med Portugal tvinga fram ei stor endring i strategien til dei allierte: Dei maritime maktene var no bundne til å føre kampar i Spania, med ein arme basert i Lisboa, og ein annan i aust i Catalonia. Dette skulle vise seg å verte ein stor byrde og felttoget på halvøya vart ein katastrofe, men i det lange løpet vart den kommersielle gevinsten av avtalen ein viktig del av den komande rikdomen til Storbritannia. Sigeren i Vigo hadde derfor eit indirekte, men stort bidrag til velstanden til Storbritannia utover 1700-talet.[21]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Battle of Vigo Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mai 2011.
  • Francis, David (1975). The First Peninsular War: 1702–1713. Ernest Benn Limited. ISBN 0-510-00205-6
  • Kamen, Henry (1966). Bulletin of the Institute of Historical Research 39: The Destruction of the Spanish Silver Fleet at Vigo in 1702.
  • Kamen, Henry (2001). Philip V of Spania: The King who Reigned Twice. Yale University Press. ISBN 0-300-08718-7
  • Le Fevre, Peter & Harding, Richard (eds.) (2000). Precursors of Nelson: British Admirals of the Eighteenth Century. Chatham Publishing. ISBN 1-86176-062-0
  • Lynn, John A (1999). The Wars of Louis XIV: 1667–1714. Longman. ISBN 0-582-05629-2
  • Roger N.A.M (2006). The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815. Penguin Group. ISBN 0-141-02690-1
  • Stanhope, Philip (1836). History of the War of the Succession in Spania. London
  • Symcox, Geoffrey (1973). War, Diplomacy, and Imperialism: 1618–1763. Harper & Row. ISBN 06-139500-5
  • Trevelyan, G. M (1948). England Under Queen Anne: Blenheim. Longmans, Green and co.
  • Wolf, John B (1962). The Emergence of the Great Powers: 1685–1715. Harper & Row. ISBN 0061397509
  1. 1,0 1,1 Francis: The First Peninsular War: 1702–1713, p. 53. Ships of the line that took part in the actual battle: 15 English, 10 Dutch
  2. Stanhope: History of the War of the Succession in Spain, s. 63
  3. Roger: The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, s. 164
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Roger: The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, s. 165
  5. Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, s. 249
  6. 6,0 6,1 Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, s. 259
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 Kamen: Bulletin of the Institute of Historical Research: The Destruction of the Spanish Silver Fleet at Vigo in 1702, s. 166
  8. Kamen: Bulletin of the Institute of Historical Research: The Destruction of the Spanish Silver Fleet at Vigo in 1702, s. 167
  9. Le Fevre & Harding: Precursors of Nelson: British Admirals of the Eighteenth Century, s. 87
  10. 10,0 10,1 10,2 Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, s. 268
  11. Symcox: War, Diplomacy, and Imperialism: 1618–1763, s. 226
  12. 12,0 12,1 Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, s. 270
  13. 13,0 13,1 Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, s. 271
  14. Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, s. 277
  15. 15,0 15,1 Kamen: Bulletin of the Institute of Historical Research: The Destruction of the Spanish Silver Fleet at Vigo in 1702, s. 168
  16. Roger: The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, s.166
  17. Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, s. 272
  18. Kamen: Philip V of Spania: The King who Reigned Twice, s. 32. The silver was placed in charge of Juan de Larrea, a leading member of the Council of the Indies.
  19. Kamen: Bulletin of the Institute of Historical Research: The Destruction of the Spanish Silver Fleet at Vigo in 1702, s. 171. Coins subsequently struck from these metals bore the word VIGO below Anne's bust, and are rare and valuable.
  20. 20,0 20,1 Kamen: Philip V of Spania: The King who Reigned Twice, s. 32
  21. 21,0 21,1 21,2 21,3 Roger: The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, s. 167
  22. Wolf: The Emergence of the Great Powers: 1685–1715, s. 69