Viktor Tsoj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Viktor Tsoj
Victor Tsoi 1986 cropped.jpg
Viktor Tsoj i 1986, foto av Igor Mukhin
Verkeleg namn Viktor Robertovisj Tsoj
Fødd 21. juni 1962
Leningrad, Sovjetunionen
Død 15. august 1990 (28 år)
Tukums i Latvia i Sovjetunionen
Instrument Vokal, gitar
Sjanger Rock, New Wave, Post-Punk
Aktive år 1981–1990
Yrke Musikar og låtskrivar
Plateselskap AnTrop, Melodiya
Grava til Viktor Tsoj
Russisk frimerke frå 1999, med portrett av Viktor Tsoj. (Michel 762, Scott 6548)

Viktor Robertovitsj Tsoj (21. juni 196215. august 1990) (Russisk: Виктор Робертович Цой) var ein vidkjent musikar frå Sovjetunionen og frontfigur i rockegruppa Kino. Tsoj hadde russisk mor og koreansk far, og vart fødd i Leningrad i Sovjetunionen (i dag St. Petersburg i Russland). På høgda av karrieren i 1990 omkom han i ei bilulykke. Han er rekna for å vere ein av pionerane innan russisk rock, og har svært mange tilhengjarar sjølv i dag i dei tidlegare sovjetiske landa.

Få band i russisk historie har vore så populære eller hatt så stor innverknad som det Viktor Tsoj og Kino hadde. Tsoj var meir eller mindre Kino, det var han som grunnla bandet, skreiv alle songane og var songaren, og bandet vart nedlagd då Tsoj omkom.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Viktor Tsoj vart fødd i Leningrad i 1962, og byrja å skrive songar då han var 17 år gamal. Dei første songane hans skildra livet i gatene i Leningrad, kjærleik og det å vere med vener. Mange av heltane i songane hans var unge menn med avgrensa mogelegheiter, og som prøvde å overleve i ei hard verd. På denne tida var rock ei undergrunnsrørsle som ein stort sett berre fann i Leningrad, medan popstjerner frå Moskva var på hitlistene og fekk dekning i media. Den sovjetiske regjeringa gav tilskot til artistar dei likte, gav dei hus, platestudio og alt anna dei trengde for å få suksess. Rock var derimot ikkje populært i regjeringa, og rockeband fekk stort sett inga hjelp, ingen skreiv om dei i media, og når dei først gjorde det skreiv dei at dei var stoffmisbrukarar og bøller.

Då Tsoj var 18 år gamal vart han kasta ut av Serov Kunstneriske Akademi på grunn av «dårlege karakterar». Det hjelpte derimot ikkje mykje på at han òg var rockemusikar. På denne tida byrja Tsoj å framføre sine eigne songar på festar, og på ein av desse festane vart han oppdaga av Boris Grebensjtsjikov, som var medlem av musikkgruppa Akvarium. Grebensjtsjikov tok Tsoj under vengene sine og hjelpte han med å starte sitt eige band. Dette var starten på Tsoj si musikalske karriere.

Starten av Kino[endre | endre wikiteksten]

Leningrad Rok-Klub var ein av få offentlege plassar rockeband fekk lov å spele, og det var here Viktor Tsoj gjorde sin konsertdebut. Han spelte som ein soloartist med hjelp frå to medlemmar av Akvarium. Tsoj sine nyskapande tekstar og musikk imponerte publikum. Før han vart stor sa Tsoj at problemet med musikken var at ingen turte å ta sjansar. Han ønska å eksperimentere med tekstar og musikk for å lage noko nytt som ingen hadde høyrt før. Tsoj lukkast med målet sitt. Kort tid etter denne konserten rekrutterte han andre musikarar, og dei danna Kino. Dei spelte inn ein demokassett i leilegheita til Tsoj, og kassetten vart raskt distribuert rundt om i Leningrad, og etter kvart over heile landet av rocketilhengjarar. Kino byrja då å få ein del tilhengjarar.

I 1982 kom første albumet, 45, der Tsoj tok opp politiske tema og med hjelp av metaforar kritiserte han regjeringa i songen «Elektritsjka». Songen vart etter kvart bannlyst av den sovjetiske regjeringa. Same året spela dei på Leningrad Rok-Klub igjen, og vann førsteplassen i konkurransen med Tsoj sin antikrigssong «Я объявляю свой дом ... (Безъядерная зона)» («Ja objavljaju svoj dom...(beziadernaja zona)» eller «Eg erklærar heimen min...(for ei atomfri sone)». Populariteten til denne songen auka på grunn av krigen mellom Sovjetunionen og Afghanistan, som kravde livet til tusenvis av unge sovjetiske borgarar.

Perestrojka og glasnost[endre | endre wikiteksten]

Kino fekk lite merksemd av dei store massane på grunn av regjeringa, men dette endra seg når Mikhail Gorbatsjov kom til makta i 1985. Dei sosiale og økonomiske reformene hans, Glasnost og Perestrojka opna opp for diskusjon av dei sosiale og økonomiske problema til Sovjetunionen i media. Folk byrja å forstå at det kommunistiske eksperimentet ikkje fungerte og at ting måtte endrast. Glasnost gjorde det lettare for media å skrive om rockeband eller vise dei på fjernsyn. I 1986 brukte Tsoj den nye opne atmosfæren og nasjonalkjensla i songen «Khotsju Peremen» (Eg vil ha endringar). Songen retta seg mot den unge generasjonen, og bad dei krevje endringar i det noverande systemet. Dermed fekk heile nasjonen augene opp for Kino. I eit intervju som vart vist på fjernsyn kort tid etter han døydde seier derimot Tsoj at songane hans ofte var mistolka, og at han prøvde å unngå politiske hensiktar i tekstane sine. Han påpeikte særleg at songen «Khotsju Peremen», som vart mykje brukt av perestroikarørsler, ikkje hadde noko å gjere med det.

Kinomania[endre | endre wikiteksten]

1987 var gjennombrotsåret for Kino. Dei gav ut sitt sjuande album, Gruppa Krovi (Blodtype) og utløyste med det noko som vart kalla «Kinomania». Det meir opne politiske klimaet under Glasnost gjorde at Tsoj kunne lage sitt mest politiske album til no, i tillegg til å spele inn musikk i lydkvalitet ingen andre rockeband tidlegare hadde mogelegheit til i Sovjetunionen. Det meste av albumet var retta mot ungdommen i landet, og han bad dei ta kontroll og gjere endringar i landet. Nokre av songane diskuterte sosiale problem som lamma nasjonen. Muskken og tekstane på albumet gjorde Tsoj til ein helt blant den russiske ungdomen, og Kino vart det mest populære rockebandet Sovjetunionen hadde sett til då.

Dei neste åra spela Tsoj i fleire suksessrike filmar, og reiste til USA for å markedsføre filmane på filmfestivalar. Det vart gjeve ut fleire album, og tema på desse var igjen stort sett politiske. Sjølv om Tsoj no var ei stor stjerne levde han eit forholdsvis normalt liv. Han hadde fortsatt jobben sin i fyrrommet i bygningen der han budde, noko som overraska mange. Tsoj sa at han likte arbeidet, og trengde pengane sidan bandet framleis ikkje fekk noko støtte frå staten, og fordi albuma deira vart gjeve vekk gratis. Denne jordnære haldninga gjorde at Tsoj vart enno meir populær. Den største hendinga i Kino si historie kom på ein konsert i 1990 då dei fylde heile Luzjniki Stadion i Moskva med 62 000 tilhengjarar

Død[endre | endre wikiteksten]

Like etter konserten reiste Tsoj til Riga i Latvia for å spele inn vokal til Kino sitt neste album. Han skulle køyre heim til Leningrad slik at bandet kunne spele inn resten av musikken, men om morgonen 15. august 1990 omkom Viktor Tsoj då bilen hans køyrde inn i ein buss utanfor Riga. Bilen vart så øydelagd at ikkje ein gong dekka til bilen vart funne, men utruleg nok var teipen med vokalen like heil, og resten av bandet spelte inn resten av musikken og gav ut albumet. Albumet fekk aldri noko namn, men vert ofte kalla Tsjornyj Albom (Det svarte albumet) på grunn av det svarte omslaget, og vart det mestselgande albumet til bandet. Etter Tsoj omkom vart det stadfesta at så mange som 65 personar i Sovjetunionen tok sitt eige liv, fordi dei meinte livet vart meiningslaust utan helten sin. 17. august skreiv Komsomolskaja Pravda, ei av dei største avisene i Sovjetunionen, dette om Tsoj:

Tsoj betyr meir for dei unge menneska i nasjonen vår enn nokon politikar, kjendis eller forfattar. Dette er fordi Tsoj alltid tala sant og aldri svikta det han trudde på. Han var og er seg sjølv. Du kan ikkje tru han...Tsoj er den einaste rockeartisten som ikkje viste skilnadar mellom imaget sitt og det verkelege livet sitt, han levde som i songane han song...Tsoj er den siste rockehelten.

Kino hadde enorm innverknad på sovjetisk musikk og samfunn. Dei introduserte eit lydbilete og tekstar som ingen andre sovjetiske band tidlegare hadde mogelegheit til eller kunne produsere. Kino opna dører for moderne russiske rockeband, og ein kan framleis sjå namnet på graffitiveggar over heile landet, og ein heil mur på den berømte gata Arbat i Moskva er tileigna Viktor Tsoj, og framleis er Kino eit svært populært band i Russland, sjølv om det vart oppløyst i 1990.