Vilcabamba i Peru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edmundo Guillen and Elżbieta Dzikowska in the ruins of Vilcabamba, photo taken by Tony Halik in 1976

Byen Vilcabamba i Peru var ein siste tilfluktsstad for etterkommarar av inka Huayna Cápac og medlemer av herskarklassen frå inkariket som freista å halde fram med oppstanden mot spanjolane etter inkarikets fall. Han var senter i ein uavhengig statsdanning frå han vart skipa av Manco Cápac II i 1539 fram til han vart teken av spanjolane i 1572. Vilcabamba vart då brent, ein ny spansk by vart tufta 6,5 km unna, men vart fort ein fjern utpost i Peru og om litt var staden der Vilcabamba låg gløymt. Byen har såleis historisk relevans berre for ein kort periode då dei gjenlevande inkaene var organiserte og representerte ein militær trussel for okkupantane av inkariket samstundes som ulike fraksjonar av okkupantane i det nye visekongedømmet Peru var i ein innbyrdes krigstilstand. Men Vilcabamba vart etterkvart ei løyndomsfull legende og det var spekulasjonar i ca 200 år om kvar han var lokalisert. På 1900-talet var han feilaktig knytt til Machu Picchu, då staden for ruinane av Vilcabamba hadde fått namnet Espíritu Pampa.

Då inkaene tapte byen i 1572 signaliserte det at motstanden frå inkaene definitivt var over.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen låg i jungelen i tropisk regnskog nordvest for Cuzco, med ein avstand frå Cuzco på meir enn 160 km målt i rett linje. Høgda over havnivå er berre ca 1000 (1440 [1]) meter, det indikerer eit varmt og fuktig klima.

Vilcabamba er òg namnet på ei fjellkjede, ei elv (dal) og eit området for dette. Det finst òg to andre byar i området som somme tider vert forveksla med den gamle byen Vilcabamba: San Francisco de Vilcabamba og Vitcos, begge i dalføret kor Vilcabambaelva renn mot aust.

Apurímac flyt i eit dalføre sør for Cuzco i retning nordvest. Elva har opphav i Arequipa-regionen og er den mest fjerne kjelda til Amazonas-floden. Nord for Cuzco flyt Urubambaelva, òg mot nordvest. Fjellkjeda mellom dei to elvene, vest for Cuzco kallast Cordillera Vilcabamba, og delar av området kallast Vilcabambaområdet. Her er fjelltoppar over 6000 moh., den høgste er Nev. Salcantary 20 kilometer sør for Machu Picchu. Dalen kor Vilcabambaelva renn ned er ein sidedal til Urubambadalen, i retning frå vest nedover mot aust sett frå byen Lucma ned mot byen Chaullary ved Urubambaelva. Andre små landsbyar høgt oppe ved Vilcabambaelva er Pucyura og Huancacalle.

Ruinane av byen Vilcabamba ligg over 40 kilometer nordvest for Huancacalle, lågt ned i ein annan dal på motsett side av og vestsida av vasskiljet. Denne dalen går i retning sør mot nord. Han ligg ved ei sideelv til den større elva Concebidayoc som held fram nordetter og munnar ut i Coserini og Urubambaelva. Næraste landsby er Chuanquiri.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hiram Bingham freista å finne staden igjen og i 1911 gjenoppdaga han ruinane av byen. Byen vart då kalla Espíritu Pampa, men Bingham innsåg ikkje verda av funnet og trudde feilaktig at den vidgjetne Machu Picchu, som han òg gjenoppdaga, var Vilcabamba.

Først ut på 1960-talet vart det gjort funn av Antonio Santander og Gene Savoy og arkeologisk arbeid i Espíritu Pampa av Vincent Lee. Tufta på dette arbeidet foreslo John Hemming i boka The Conquest of the Incas at Espíritu Pampa var den tapte historiske byen Vilcabamba og etter det har det vore allment akseptert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hemming, John: The Conquest of the Incas. Macmillan, 1970.
  • «Vilcabamba», artikkel på engelsk Wikipedia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]