Viveronesjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Viveronesjøen
Viveronesjøen - Castel Gandolfo ved Albanosjøen
Castel Gandolfo ved Albanosjøen
Viveronesjøen is located in Italia
Stad Piemonte: Provinsane Biella, Turin og Vercelli
Koordinatar 45°25′N 8°2′EKoordinatar: 45°25′N 8°2′E
Tilsig Undervasskjelder
Tilsigsområde 25,7 km²
Tilknytte land Italia
Største lengde 3,5 km
Største breidde 2,6 km
Overflateareal 5,8 km²
Største djupne 70 m
Kystlengd1 10,5 km
Høgd over havet 230 moh
Busetnadar Viverone, Lido, Masseria, Comuna, Anzasco
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Viveronesjøen (piemontisk Lagh ëd Vivron) er ein innsjø nord i Italia. Han er kalla opp etter byen Viverone og ligg 230 meter over havet mellom distrikta Biella, Vercelli og Ivrea i eit område med moreneåsar kalla Serra. Han har eit areal på nesten 6 km² og er 70 meter på det djupaste og ein omkrins på om lag 10,5 km. Innsjøen er 3,5 km lang og 2,6 km brei. Langs den sørlege og vestlege delen av innsjøen er det tett vegetasjon, medan den nordlege delen er utbygd med hotell, campingplassar og strender.

Av fuglar finn ein ender, stokkand, sothøne, lappdykkar og måse. Sportfiske er ein populær aktivitet og ein kan fange fisk som åbor, suter, gjedde og malle.

I bronsealderen låg det ein pålelandsby ved innsjøen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Viveronesjøen

Kjelde[endre | endre wikiteksten]