Wayne Rooney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wayne Rooney
W Rooney.jpg
Personleg informasjon
Namn Wayne Mark Rooney
Fødselsdato 24. oktober 1985
Fødestad Liverpool i England
Høgd 178 cm
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Manchester United
Draktnummer 10
Ungdomsklubb
1996-2002 Flag of England.svg Everton
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2002-04
2004-
Flag of England.svg Everton
Flag of England.svg Manchester Utd
67 (15)
234 (115)
Landslag**
2003- Flag of England.svg England 61 (25)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 12. juni 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 12. juni 2010.

Wayne Mark Rooney (fødd 24. oktober 1985 i Liverpool) er ein engelsk fotballspelar som spelar som spiss for Manchester United i engelsk Premier League, og for det engelske landslaget. Han har vorte seriemeister i England med Manchester United tre gonger (2007, 2008 og 2009) og vunne den europeiske Meisterligaen i 2008. Han vart kåra til årets spelar i England i 2010 og årets unge spelar i 2005 og 2006. Han vart tidenes yngste landslagsspelar for England då han debuterte for A-landslaget 12. februar 2003, som 17-åring. Denne rekorden stod til han vart slått av Theo Walcott i juni 2006. Han var Manchester United sin toppskårar i Premier League i 2004/05- og i 2009/10-sesongen.