Steven Gerrard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Steven Gerrard
Liverpool footballer Steven Gerrard.jpg
Personleg informasjon
Namn Steven George Gerrard
Fødselsdato 30. mai 1980
Fødestad Whiston i England
Høgd 185 cm
Posisjon Midtbane
Klubbinformasjon
Spelar for Liverpool
Draktnummer 8
Ungdomsklubb
1987-98 Flag of England.svg Liverpool
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1998- Flag of England.svg Liverpool 405 (89)
Landslag**
1999
2000-
Flag of England.svg England U21
Flag of England.svg England
4 (1)
96 (19)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 25. juni 2012.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 25. juni 2012.

Steven George Gerrard MBE (fødd 30. mai 1980) spelar og er kaptein på Liverpool Football Club. Han er og kaptein på England sitt herrelandslag i fotball. Han vart utnemnt til medlem av Den britiske imperieordenen (MBE) i 2006. Den 3. april 2009 skreiv Gerrard under på ein kontrakt som knyter han til Liverpool ut 2013-sesongen.

Klubbfotball[endre | endre wikiteksten]

Liverpool[endre | endre wikiteksten]

Gerrard debuterte som 18-åring på førstelaget til Liverpool FC i november 1998, då han kom inn som innbytar for Vegard Heggem.

Champions League-finalen 25. mai 2005

25. mai 2005, då dei raude frå Anfield snudde 0-3 til 3-3 på knappe fem minutt, vart Gerrard ein av heltane i Liverpool, med blant anna sitt 1–3-mål[1] som han nikka inn etter eit innlegg frå Riise. Dei to andre måla kom henholdsvis frå Vladimir Smicer og Xabi Alonso. Etter ekstraomgangar og ein dramatisk straffespark-konkurranse kunne Gerrard endeleg, som Liverpool-kaptein, motta trofeet til odel og eige, etter Liverpool sin femte triumf i Champions League. Han vart òg kåra til banens beste i finalen.

I ettertid vart det sagt at Gerrard kasta kona ut av senga, og tilbrakte natta etter finalesigeren med Champions League-pokalen.

How can I ever leave after this!?[endre | endre wikiteksten]

I 2005 gjekk det rykter om at Gerrard ønska ein overgang til rivalen Chelsea FC. Ironisk nok skjedde det etter at Liverpool hadde slått Chelsea ut av Champions League og vunne heile turneringa. Etter at Liverpool vann turneringa feide Gerrard vekk alle spekulasjonar om ein eventuell overgang til Chelsea då han svarte ein journalist «How can I ever leave after this?!». Nesten-overgangen enda til slutt med at han skreiv under på ein ny fireårskontrakt. Gerrard kom seinare ut med ei offentleg orsaking til fansen etter alle desse spekulasjonane.

Landslag[endre | endre wikiteksten]

Landslagsdebuten kom dagen etter at han fylte 20 år, i England sin 2–0-seier over Ukraina 31. mai 2000. Same året vart han tatt med til EM. Han var og med i England sin EM-tropp i 2004 og seinast i 2012. Under meisterskapen i 2012 var Gerrard kaptein og var England sin beste spelar før laget røyk ut i kvartfinalen mot Italia. Når det gjeld VM-sluttspel, var meisterskapen i Tyskland i 2006 hans første. Under VM i 2010 i Sør-Afrika var Gerrard lagkaptein og vart i fleire media kåra til England sin beste spelar.

Titlar[endre | endre wikiteksten]

Personlege utmerkingar[endre | endre wikiteksten]



Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.



Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.youtube.com/watch?v=59jR4X2snHE