Joe Hart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Joe Hart
JoeHart Augsburg.jpg
Personleg informasjon
Namn Charles Joseph John Hart
Fødselsdato 19. april 1987
Fødestad Shrewsbury i England
Høgd 196 cm
Posisjon GoalKeeper
Klubbinformasjon
Spelar for Manchester City
Draktnummer 25
Ungdomsklubb
Flag of England.svg Shrewsbury
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2003-2006
2006-
2007
2007
2009-10
Flag of England.svg Shrewsbury
Flag of England.svg Manchester City
Flag of England.svg Tranmere (lån)
Flag of England.svg Blackpool (lån)
Flag of England.svg Birmingham (lån)
54 (0)
54 (0)
6 (0)
5 (0)
36 (0)
Landslag**
2007-09
2008-
Flag of England.svg England U21
Flag of England.svg England
21 (0)
6 (0)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 11. september 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 7. september 2010.

Charles Joseph John Hart (fødd 19. april 1987) er ein engelsk fotballspelar, som spelar som keeper for Manchester City i engelsk Premier League. Han har òg landskampar for England.

Hart begynte karrieren sin i dei lågare divisjonane, hjå Shrewsbury Town. Han var den faste keeperen deira i 2005/06-sesongen i League Two, fjerde høgste nivå. I 2006 gjekk han til Manchester City, og fekk éin kamp for klubben den sesongen, men vart i periodar lånt ut til Tranmere Rovers og Blackpool i League One (tredje nivå). I 2007/08- og 2008/09-sesongen var han den mest brukte keeperen til Manchester City, men i 2009/10-sesongen vart han lånt ut heile sesongen til Birmingham City, der han var førstekeeper. På starten av 2010/11-sesongen var han tilbake som førsteval i mål hjå Manchester City.

Hart debuterte for England sitt A-landslag 1. juni 2008, som innbytar i pausen i ein privatlandskamp mot Trinidad og Tobago. Han var med i England sin tropp til fotball-VM i 2010, men var der den av dei tre keeperane som ikkje fekk spela nokon kampar. Han spelte sin første landskamp i ei turnering 3. september 2010, ein EM-kvalifiseringskamp heime mot Bulgaria.