Fabio Capello

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fabio Capello

Fabio Capello (fødd 18. juni 1946) er ein italiensk fotballtrenar og tidlegare spelar. Som profesjonell fotballspelar spelte han for dei italienske klubblaga AS Roma, Juventus og AC Milan. Han vart ligameister med Juventus i 1972, 1973 og 1975 og med Milan i 1979. Capello har seinare etablert seg som ein av dei mest suksessfulle trenarane i Europa; Han har trena AC Milan i to periodar, Roma og Juventus i tillegg til Real Madrid i Spania i to periodar. Han vann seriemeisterskapen med AC Milan i 1992, 1993, 1994 og 1996 og Meisterligaen i 1994. Med AS Roma vann han seriemeisterskapen i 2001 og med Real Madrid i 1997 og 2007. Capello vart også seriemeister med Juventus i 2005 og 2006, men laget mista seinare desse titlane som fylgje av Calciopoli-skandalen.[1] Capello var trenar for Englands herrelandslag i fotball frå 2008 til 2012, då han trekte seg etter at Det engelske fotballforbundet fråtok John Terry kapteinsbindet på landslaget grunna skuldingar om rasisme.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tre lag rykker ned, Milan blir i serie A. Nationen (14. juli 2006).
  2. Rove Bentsen, Anders; Yasmin Hoel Sunde (8. februar 2012). Capello trekker seg som England-sjef: – FA fornærmet meg. nrk.no. Vitja 8. februar 2012. «Går etter kritikk mot Det engelske fotballforbundets (FA) vraking av John Terry som landslagskaptein.»
Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.