Wick i Skottland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Wick

skotsk-gælisk
skotsk
Inbhir Ùige
Week
WickCaithness.jpg
Plassering
Wick i Skottland is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Highland
Tradisjonelt grevskap Caithness
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

7 333
Koordinatar 58°27′″N 3°5′″WKoordinatar: 58°27′″N 3°5′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer KW1
Telefon-retningsnummer 0 1955
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wick i Skottland

Wick er ein kystby i regionen Highland i Skottland. Han har kring 7500 innbyggjarar og var ein kongeleg burgh, og administrasjonsby for grevskapet Caithness inntil dette vart avskaffa som administrativ eining.

Ebenezer Place i Wick.

Elva Wick renn gjennom byen. Hamna til byen ligg på sørsida av fjorden som blir danna av denne elva.

Wick ligg ved hovudvegen mellom John o' Groats og det sørlege Storbritannia, og har jernbanesamband med Thurso og den sørlege delen av landet. Wick Airport ligg i utkanten av byen.

Mykje av den delen av byen som ligg sør for elva, Pulteneytown, vart utbygt under silde-gullalderen på 1800-talet. Old Pulteney whiskydestilleri ligg i denne delen av byen. Staden vart ei viktig hamn for sildeeksporten, og det vart produsert mykje kippers (røykt sild) der. I museet Wick Heritage Centre er denne sida ved historia til byen godt belyst.

Samband til Noreg[endre | endre wikiteksten]

Historia til byen går tilbake minst til tida då Caithness vart styrt som ein del av Orknøyane, ein periode som enda i 1266. Namnet er av norrønt opphav, og tyder «vik».

I seinare år har byen òg hatt eit samband til Noreg, då han låg under den katolske Nordpolmisjonen, som hadde hovudkvarter i Alta. Ein av dei som virkte som katolsk sokneprest i byen var Bernard Bernard (i 1860), seinare prefekt for Det apostoliske prefektur Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]