Wild Honey Pie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wild Honey Pie
Song av The Beatles
frå albumet The Beatles
Utgjeve 22. november 1968
Innspelt 20. august 1968,
EMI Studios i London
Sjanger * Eksperimentell pop[1]
Lengd 0:52
Selskap Apple Records
Komponist Lennon/McCartney
Tekstforfattar Lennon/McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin

«Wild Honey Pie» er ein kort song av The Beatles, skriven av Paul McCartney, men på vanleg vis tilskriven Lennon/McCartney. Han vart gjeven ut på det doble albumet The Beatles (White Album) i 1968.

Songen er berre 52 sekund lang og er ein av fleire korte songar på The Beatles. Songen er spesiell fordi McCartney gjorde alt på eiga hand utan at dei andre medlemmane i bandet medverka. George Harrison var på ferie i Hellas då innspelinga skjedde den 20. august 1968. Vokalen til McCartney er lagt på fleire gonger (fleirsporsinnspeling) og han speler alle instrumenta; bass, elektrisk gitar og 12-strengars akustiske gitarar, samt trommer. Teksten er enkel, berre tittelen som vert repetert fleire gonger: Honey Pie – Honey Pie …

McCartney har sagt dette om songen: «Vi var i ei eksperimentell stemning og eg sa, 'kan vi ikkje berre finne på noko?' Eg starta å spele på gitaren gitaren og lagde eit fleirsporseksperiment i kontrollrommet. Det er særs heimelaga, ingen stor produksjon i det heile. Eg berre gjorde dette korte stykket og la på fleirsporsharmoni til han og eit harmoni her og eit harmoni der og bygde han opp skulpturelt med mykje vibrato på gitarstrengane, verkeleg trekte som ein galen i strengane, derfor 'vill' i tittelen.»

Ifølgje McCartney skulle ikkje songen med på albumet, men kona til George Harrison, Pattie Boyd, likte han så godt at dei valde å ta han med.

Trass i at tittelen er lik, så har songen ingenting å gjere med songen «Honey Pie» frå same album.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Personell per Ian MacDonald[4]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen har vorte spelt av fleire andre artistar:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Courrier, Kevin (2008). Artificial Paradise: The Dark Side of the Beatles' Utopian Dream: The Dark Side of the Beatles' Utopian Dream. ABC-CLIO. s. 215. ISBN 978-0-313-34587-6. 
  2. Athitakis, Mark (September–October 2013). «A Beatles Reflection». Humanities. National Endowment of the Humanities. Henta 16. mars 2018. 
  3. Miles 1997, s. 497.
  4. MacDonald 2005, s. 309.