William Gladstone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
William Gladstone

William Ewart Gladstone (18091898) var ein britisk politikar av ei skotsk ætt som busette seg i England1700-talet. Han byrja si politiske karriere som konservativ, men blei etterkvart liberal. Han leidde det liberale partiet frå 1865, og var statsminister i 1868-74, 1880-85, 1886 og 1892-1894. Han var tilhengjar av frihandel og sjølvstyre for Irland (Home Rule). Han kom med forslag om sjølvstyre for Irland ved fleire høve, noko som i 1886 førte til ei sprenging av det liberale partiet. Trass i dette kom han attende som regjeringssjef for fjerde gong i 1892. Denne gongen vart Home Rule-forslaget hans stogga i Overhuset. I 1894 trekte han seg attende frå det offentlege livet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]