Wladimir Köppen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Waldimir Köppen, 1921, av Friedrich Becks

Wladimir Peter Köppen (russisk: Владимир Петрович Кёппен) (25. september 184622. juni 1940) var ein russiskfødd geograf, meteorolog, klimatolog og botanikar. Etter studiane sine i St. Petersburg, der han vart fødd, studerte han i Heidelberg og Leipzig, og levde og arbeida det meste av livet sitt i Tyskland og Austerrike. Det viktigaste arbeidet han gjorde var å utvikle klassifiseringsystemet for klima, som framleis vert nytta i dag, med visse omformingar.

Frå 1879 var han leiar av den meteorologiske avdelinga ved Deutsche Seewarte i Hamburg.

I tillegg til klassifiseringssystemet konstruerte han mellom anna drakar til å utføre meteorologiske observasjonar i høge luftlag, noko som fekk tyding for utviklinga av aerologien. Vidare utarbeidde han vindkart for verdshav, som i tillegg til at dei var viktige for skipsfarten, var viktige bidrag til forståinga av den atmosfæriske sirkulasjonen. Köppen var ei drivande kraft i arbeidet med å legge grunnlaget for den meteorologiske sikringstenesta for luftfarten over hava.

Av utgjevingar innan klimaarbeida hans finn ein Klassifikation der Klimate der Erde (1923), Die Klimate der geologischen Vorzeit (1924), saman med A. Wegener Grundriss der Klimakunde (1931) og i saman med R. Geiger Handbuch der Klimatologie i fem bind (1930).

Köppen nedla òg eit stort arbeid for utbygging av eit internasjonalt meteorologisk samarbeid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]