Klimatologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Klimatologi er læra om klima, som er definert som vêr midla over ein tidsperiode, og er ein del av dei geofysiske vitskapane.

Klima og meteorlogi[endre | endre wikiteksten]

Meteorologi er læra om vêr og vêrsystem som varer opp til eit par veker, medan klimatologi handlar om kor ofte desse vêrsystema har oppstått i fortida og langtidsendringar av gjenommsnittlege vêrmønster. Klimatologar er dei som arbeider med klimatologi, og studerer både lokalt, regionalt og globale klimaforhold og korleis menneskelege faktorar kan føre til klimaendringar. Klimatologar brukar informasjon frå fortida til å føresjå dei framtidige klimaendringane.

Fenomen av klimatologisk interesse er mellom anna atmosfærisk grenselag, atmosfærisk sirkulasjon, varmetransport, termisk stråling, konvektive og latente vekselverknadar mellom atmosfæren og hav- og landoverflata (særleg vegetasjon, arealbruk og topografi) og kjemiske og fysiske samansettingar i atmosfæren. Relaterte vitskapar er astrofysikk, kjemi, økologi, geologi, geofysikk, glasiologi, hydrologi, oseanografi og vulkanologi

Historie[endre | endre wikiteksten]

Edmund Halley var ein av dei første klimatologane og han gav ut kart over passatvindane i 1686 etter ei reise til den sørlege halvkula. Benjamin Franklin var den første til å lage kart over Golfstraumen. Dette gjorde han på 1700-talet for at ein skulle kunde sende post over havet frå USA til Europa. Helmut Landsberg sine statistiske analysar førte til at klimatologi utvikla seg til ei grein innan fysiske vitskapar.

Forskjellige tilnærmingar[endre | endre wikiteksten]

Ein kan tilnærme seg klimatologi på forskjellige måtar. Paleoklimatologi prøver å rekonstruere klima i fortida ved å undersøke data frå iskjerner eller årringar (dendroklimatologi). For å studere klima i vår tid må ein sjå meteorologiske data samla opp over mange år. Dette er data som nedbørsmengder, temperaturar og atmosfærisk samansetting. Modellar vert brukt for å forstå fortida, notida og potensielle framtidige klima. Historisk klimatologi er studiet av klima i forhold til menneskeleg historie og fokuserer dermed berre på dei siste par tusen åra.

Klimaforsking er eit vanskeleg forskingsområde fordi det omhandlar stor skala, lange tidsperiodar og kompliserte prosessar. Ein er stort sett einige om at klimaet vert styrt av differensial likningar basert på fysiske lover, men utforminga av desse likningane, og konklusjonane ein kan ta frå dei, vert framleis diskutert. Klima vert av og til modellert ut frå stokastiske prosessar, men dette vert for det meste sett på som tilnærmingar til prosessar som elles er for kompliserte.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]