Xiang Jiang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart med tilsigsområde og elveløp til Xiangjiang (skarpt gult)

Xiang Jiang (kinesisk: 湘江, 湘水 eller 湘; pinyin: Xiāng Jiāng, Xiāng Shǔi) er ei elv i det sørlege Kina. Ho renn frå Haiyangfjella i fylket Lingui i provinsen Guangxi og inn i Hunan. Elva er den største i Hunan, og renn ut i innsjøen Dongtingsjøen, som renn vidare til Chang Jiang. Ho er 856 km lang, 670 km i Hunan.

I følgje kinesisk folketru vert Xiang Jiang verna av to gudinner, Ehuang og Nüying. Dei var begge gift med den mytiske herskaren Shun. Etter at Shun døydde var dei ute av stand til å leve med sorga og tapet, og begge tok sine liv på kvar sin stad ved elva. Folket i staten Chu, kjend fra Krigarrika-tida, dyrka desse elvegudinnene. Diktaren Qu Yuan skreiv et dikt om dei, Xiang-fruene, som er bevart.

Storbyar ved elva[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]