Xiangtan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om byprefekturet. For fylket, sjå Xiangtan i Xiangtan.
湘潭 (pinyin Xiāngtán)
Porten til Universitetet i Xiangtan.
Porten til Universitetet i Xiangtan.
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Hunan
Oppretta 200 f.Kr.
Borgarmeister Wu Qixiu
Geografi
Flatevidd
 - By

5015 km²
Innbyggjarar
 - By
   - folketettleik

2,916,400
  581,5/km²
Koordinatar 27°51′″N 112°54′″EKoordinatar: 27°51′″N 112°54′″E
Høgd over havet 1090 m
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Nettstad: xiangtan.gov.cn
Xiangtan i Hunan i Kina.

Xiangtan er eit byprefektur ved elva Xiang Jiang i provinsen Hunan i Sør-Kina. Folkesetnaden innan grensene vert rekna til å vere (2004) 2,83 millionar.

Administrative einingar[endre | endre wikiteksten]

Xiangtan består av to bydistrikt, éit fylke og to byfylke:

  • Bydistriktet Yuetang (岳塘区), 206 km², 330 000 innbyggjarar, sete for lokalregjeringa;
  • Bydistriktet Yuhu (雨湖区), 74 km², 370 000 innbyggjarar;
  • Fylke Xiangtan (湘潭县), 2 513 km², 1,12 millionar innbyggjarar;
  • Byfylket Xiangxiang (湘乡市), 2 003 km², 890 000 innbyggjarar;
  • Byfylket Shaoshan (韶山市), 210 km², 100 000 innbyggjarar 

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 107 fører gjennom området. Han går frå Beijing til Shenzhen (rett ved Hongkong) og er på vegen innom provinshovudstadane Shijiazhuang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Guangzhou.

Riksveg 320 går gjennom området. Han byrjar i Shanghai og går sørvestover til grensa mellom provinsen Yunnan og Burma. Undervegs er han mellom anna innom Hangzhou, Nanchang, Guiyang, Kunming og Dali.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]