Yksnøya i Volda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Yksnøya
Geografi


Stad Volda kommune
Areal 0,585 km²
Administrasjon
Land Noreg
Fylke Møre og Romsdal

Yksnøya er ei øy i Volda kommune. Ho har eit flatemål på 0,585 km². Frå Yksnøya går det fjordar i fire retningar. Rovdefjorden går mot vest-sørvest, Voldsfjorden går mot søraust, Ørstafjorden mot aust og Vartdalsfjorden mot nordaust. I tillegg går Dragsundet, som skil Hareidlandet og Gurskøya, mot nord.

Om lag 300 m nord for Yksnøya ligg den 2,4 km² store øya Eika i Ulstein kommune. Frå Yksnøya er det om lag 1,9 km inn til fastlandet på Berkneset i Volda kommune.

På øya er det gjort flintfunn frå yngre steinalder. På 1600 og 1700-talet var det to gardsbruk på øya. Kring 1900 var det seks bruk der det budde 40 menneske.

Skulehuset, som stod ferdig i 1910, vart bygd på dugnad av folket på øya. Kommunen stod for materialen. Frå 1954 gjekk borna på Lid skule.

Frå 1938 til 1986 hadde Yksnøya eige brevhus. Postnummeret var 6117 Yksnøy. Telefon fekk øya på slutten av 1920-åra. Frå 1957 fekk Yksnøya ferjesamband to gongar dagleg. Før det måtte bebuarane ro ut til rutebåt eller ferje når nokon skulle reise, eller gods skulle sendast eller takast imot. Dei hadde ferjesamband til 1976. Etter det vart ruta Yksnøy - Berknes trafikkert av skyssbåt.

Sidan 1979 har Høgskulen i Volda hatt aktivitetar og undervisning på Yksnøya.

Eiksundtunellen går under Yksnøya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Frode Sætre: Yksnøya - liv og sjøliv. Høgskulen i Volda. 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]