Yueyang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yueyang (gul) i Hunan


Yueyang (kinesisk: 岳阳; pinyin: Yuèyáng) er eit byprefektur nordaust i provinsen Hunan i Folkerepublikken Kina. Byprefekturet, som grensar mot begge provinsane Hubei og Jiangxi, har eit areal på 14 896 km² og 5 477 911 innbyggjarar i 2010. Av desse budde 977 036 menneske i storbyen.

Byprefekturet Yueyang omfattar tre distrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og fem fylke (县 xiàn).

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Snøggtoget mellom Wuhan og Guangzhou går gjennom området. Også Jingguangbana, som er den eldre toglinja mellom Beijing i nord og Guangzhou i sør, har stoppestad her. Denne sterkt trafikkerte jernbanelinja er også innom mellom andre Shijiazhuang, Handan, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Shaoguan.

Kinas riksveg 107 går gjennom området. Han fører frå Beijing til Shenzhen og er innom provinshovudstadene Shijiazhuang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Guangzhou.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]