Yunfu
Yunfu (kinesisk: 云浮, pīnyīn: Yúnfú) er eit byprefektur vest i provinsen Guangdong i Kina. Prefekturet har eit areal på 7 813 km² og 2 612 800 innbyggjarar. Byprefekturet Yunfu består av eitt distrikt (区 qū), eitt byfylke (市 shì) og tre fylke (县 xiàn).
Næring[endre | endre wikiteksten]
Yunfu er rik på mineral og har difor vorte kalla «steinheimen» ((石 乡)). Gruveindustrien er ein av dei største i landet.
Samferdsle[endre | endre wikiteksten]
Kinas riksveg 324 fører gjennom området. Vegen går frå Fuzhou i provinsen Fujian og gjennom Guangdong, Guangxi, Guizhou, og endar i Kunming i Yunnan.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Yunfu» frå Wikipedia på bokmål, den 8. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Yunfu» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2012.