Zack & Wiki: Quest for Barbaros' Treasure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zack & Wiki: Quest for Barbaros' Treasure
Utviklar(ar)Capcom
Utgjevar(ar)Capcom
Design(ar)Eichiro Sasaki (direktør)
Hironobu Takeshita (produsent)[1]
ForfattarKosuke Nasu
Komponist(ar)Shinya Okada
Tadayoshi Makino
UtgjevingNA: 23. oktober 2007
JP: 25. oktober 2007
EU: 18. januar 2008
AUS: 21. februar 2008
SjangerEventyrspel
SpelemodusEinspelar
AldersgrensePEGI: 7+
CERO: A
ESRB: E
FormatDVD
Stødde einingarWii-fjernkontroll
Nettstadhttp://www.zackandwiki.com/

Zack & Wiki: Quest for Barbaros' Treasure (宝島Z バルバロスの秘宝 Takara-jima Zetto Barubarosu no Hiho) er eit eventyr/gåtespel utvikla og publisert av Capcom for spelkonsollen Wii. Det vart gjeve ut i Nord-Amerika og Japan i oktober 2007, og i Europa, Australia og Sør-Korea året etter. Spelet handlar om piraten Zack og makkeren hans; Wiki, som er på leiting etter skattar i ei eventyrverd. Ein kontrollerer spelet berre ved hjelp av Wii-fjernkontrollen.

Oppsett[endre | endre wikiteksten]

Zack & Wiki: Quest for Barbaros' Treasure er presentert som eit tredjepersons eventyrspel der ein kontrollerer Zack ved hjelp av Wii-fjernkontrollen. Spelaren kan peike på ulike objekt i spelet via ein markør for å få Zack til å saumfara desse, eller for å flytte på seg. Zack kan skapa fiendar i spelet om til nyttige objekt ved å skaka makkeren Wiki som ei bjølle. Når spelaren får Zack til å bruka eit verktøy, skiftar spelet om til eit perspektiv i førsteperson, og spelaren må apa etter operasjonen som blir gjort i spelet ved hjelp av Wii-fjernkontrollen for å få framsteg. Når ein til dømes skal saga ned eit tre, må ein flytta Wii-fjernkontrollen fram og attende for å saga i spelet. Om ein greier ei utfordring blir ein lønna med poeng, der mengda poeng avhenger av kor bra ein gjorde det, kor mange forsøk som vart brukte, og vanskegraden på utfordringa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]