Zuiderzee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Historisk kart over Nederland frå 1658 som viser De Zuyder Zee litt over midten

Zuiderzee («Sørsjøen») var ei grunn bukt i Nordsjøen nordvest i Nederland som strekte seg 100 km inn over i landet og som var 50 km på det breiaste. Bukta var derimot grunn, berre om lag 4-5 meter djup, og hadde ei kystlinje på om lag 300 km. Ho dekte eit areal på 5 000 km². Opphavet til namnet kjem frå Friesland som låg nord for Zuiderzee. På 1900-talet vart det bygd eit dike på tvers av utløpet til bukta, som gjorde bukta om til ein innsjø. Saltvatnet vart gradvis erstatta av fersk vatn og den nye innsjøen fekk namnet IJsselmeer etter elva IJssel som munnar ut i han. Elva IJssel er ei grein av elva Rhinen.

Historie og katastrofar[endre | endre wikiteksten]

Det omtrentlege landskapet i Noord-Holland i det første hundreåret e.Kr. (til venstre) og på 900-talet (til høgre)

I antikken var det ei bukt her som dei romerske forfattarane kalla Lacus Flevo eller Flevosjøen. Han var mykje mindre enn den seinare utgåva og hadde eit mykje smalare utløp til sjøen. Det kan ha vore eit system av fleire mindre innsjøar, myrer og kanalar i staden for ein stor innsjø. Ettersom tida gjekk eroderte desse innsjøane breiddene sine og vart ein større innsjø. Delar av dette området vart seinare kalla Vlie, og vatnet her rann truleg ut i sjøen gjennom det som i dag er Vliestroom-kanalen mellom øyane Vlieland og Terschelling. Marsdiep var ein gong i elv som kan ha vore ei grein av Vlie. I løpet av tidleg mellomalder endra dette eg på grunn av store flaumar i og stigande havnivå, og på 1100-talet førte dette til at utløpet vart mykje breiare. Etter ein katastrofal flaum i 1282 braut vatnet gjennom sanddynene nær Texel og Zuidersee vart ytterlegare utvida. Dette førte til at den vetle landsbyen Amsterdam fekk tilgang til sjøen.

Storleiken på denne store bukta heldt seg stort sett uendra frå 1400-talet og fram til det vart bygd dike i moderne tider. Årsaka til at desse vart bygd var at det i stormsituasjonar vart pressa mykje vatn inn i bukta og det vart flaum over store område langs breidda. 18. november 1421 braut eit dike saman og 72 landsbyar vart oversvømd medan om lag ti tusen menneske mista livet. Dette vart kalla den andre St. Elizabeth-flaumen eller Sint-Elisabethsvloed i 1421. Ein enno større flaum oppstod i 14. desember 1287, då femti- til åttitusen menneske mista livet i det som var den femte største flaumen som er registrert i historia. Denne flaumen fekk namnet St. Lucia-flaumen.

Geografi og utvikling[endre | endre wikiteksten]

Landsatbilete

Rundt Zuiderzee voks det opp mange fiskelandsbyar og utvikla seg til byar med bymurar og mange handelssamband, som Kampen, ein by i Overijssel, og seinare byar i Holland som Amsterdam, Hoorn og Enkhuizen. Desse byane gjorde først handel med område i Austersjøen, England og Hansaen, men seinare òg med resten av verda. Då handelen minka fall mange av landsbyane tilbake til fiske og noko industri fram til 1900-talet, då turisme vart ei viktig næring. I Zuiderzee låg det fire små øyar, Wieringen, Urk, Schokland og Marken. Desse øyane er i dag ein del av fastlandet.

Kart overZuiderzeeprosjektet i Nederland

Tidleg på 1900-talet vart utløpet til Zuiderzee lukka av demninga Afsluitdijk. Det hadde lenge vore planar om å lukke Zuiderzee, men det var først etter storflaumen i januar 1916 at planane skaut fart. Afsluitdijk stod ferdig i 1932 og Zuiderzee vart IJsselmeer og store område vart tørrlagt og omgjort til polderar. Dette enorme prosjektet, kalla Zuiderzeeprosjektet varte frå 1919 til 1986, og av dei tørrlagte områda oppstod provinsen Flevoland i 1986. Dei opphavlege planane var òg at dei sørvestlege delane av Zuiderzee skulle tørrleggast òg. Det vart bygd ei dike på tvers av den gamle bukta, men prosjektet har sidan 1980-åra vore på vent. Dette området er i dag kalla Markermeer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 52°50′N 5°20′E