Øyvind Skaanes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øyvind Skaanes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. mai 1968 (55 år)
Trondheim
Idrett langrenn
Tok del i

Ski-VM 1991, Ski-VM 1997, 1993 Vasaloppet

Øyvind Skaanes (fødd 29. mai 1968) er ein norsk tidlegare langrennsløpar frå Trondheim som representerte Strindheim IL. I VM 1991 i Val di Fiemme vann han saman med Terje Langli, Vegard Ulvang og Bjørn Dæhlie gull på 4 x 10 km stafett. Han vart noregsmeister på 50 km i 1990. I tillegg har han ein sølv- og ein bronsemedalje frå noregsmeisterskap.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Skaanes debuterte i verdscupen i desember 1989 i US-Amerika med ein 13. plass. Hans beste individuelle resultat i verdscupen er to sjetteplassar. Fyrste gongen på 15 km i Trondheim i mars 1990, siste gongen på 30 km i Oberstdorf i desember 1996 (der det var sju norske løparar mellom dei åtte fremste på resultatlista).

Skaanes gjekk mange gode renn allereie i junioralderen. Sitt store gjennombrot fekk han i 1990-sesongen, då han vann sitt einaste noregsmeisterskap som senior. På NM-femmila på Gjøvik slo han sølvmedaljevinnaren Tor Håkon Holte med over tre minuttar. Året etter gjekk Skaanes sitt livs løp då han under Ski-VM 1991 gjekk fyrsteetappen på Noregs lag på 4 x 10 km stafett. Han rykte frå konkurrentane allereie tidleg på etappen og gav Noreg eit stort forsprang. I realiteten avgjorde han tevlinga. Dei neste fire sesongane var han langt unna internasjonalt nivå, og vart heller ikkje sidan så god som han hadde vore i 1990 og -91.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og verdscuprenn[endre | endre wikiteksten]

  • 1990: Nr 6 på 15 km i Trondheim
  • 1991: Nr 10 på 50 km i Holmenkollen, nr 15 på 30 km i VM i Val di Fiemme
  • 1992: Nr 34 på 15 km i Lahti
  • 1993: Nr 18 på 15 km i Ulrichen
  • 1994: Nr 38 på 50 km i Holmenkollen
  • 1995: Nr 50 på 50 km i Holmenkollen
  • 1996: Nr 20 på 50 km i Holmenkollen
  • 1996/7: Nr 6 på 30 km i Oberstdorf
  • 1997/8: Nr 10 på 10 km på Beitostølen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Skaanes la opp etter 1999-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]