Roy Wood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Roy Wood
Roy Wood TopPop.png
Verkeleg namn Roy Wood[1]
Fødd 8. november 1946 (71 år)
Kitts Green i Birmingham i England
Instrument

Multi-instrumentalist

Sjanger Progressiv rock, poprock, jazz fusion, symfonisk rock, kunstrock, pop, glamrock
Aktive år 1964 til i dag
Yrke Musikar, songar-låtskrivar, plateprodusent, komponist, arrangør
Tilknytte artistar Mike Sheridan and The Nightriders
The Nightriders
The Move
Electric Light Orchestra
Wizzard
Wizzo Band
Roy Wood's Helicopters
The Rockers
The Roy Wood Big Band
The Wombles with Roy Wood
Roy Wood Rock & Roll Band
Plateselskap Deram, Regal Zonophone, Fly, Cube, Harvest, United Artists, EMI, Warner Bros., Jet, Cheapskate, Speed, Legacy
Nettstad www.roywood.co.uk

Roy Wood (fødd 8. november 1946)[2][3] er ein engelsk songar-låtskrivar og multi-instrumentalist. Han hadde særleg stor suksess i 1960-åra og 1970-åra som medlem og med på å starte opp The Move, Electric Light Orchestra og Wizzard. Som låtskrivar var han med å skreiv mange hittar for desse banda.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Roy Wood (til venstre) med bandet sitt Wizzard, 1970-åra

Wood byrja å spele gitar i tenåra og det første «suksessrike» bandet hans var Gerry Levene & the Avengers, som spelte inn ein singel. Dei vart oppløyst halvegs i 1964, og Wood byrja i Mike Sheridan & the Nightriders. I denne perioden gjekk Wood på the Moseley College of Art, som han vart kasta ut frå i 1964. Same året sette han saman the Move, med Bev Bevan (trommer), Carl Wayne (solovokal), Ace Kefford (bass) og Trevor Burton (gitar). Bandet klarte å få ein fast spelejobb på Marquee Club i London, der dei bygde ein entusiastisk fanskare.[4]

Wood var involvert i dei fleste songane, og song etter kvart vokal på songar, for the Move. Singelen deira «Night of Fear» nådde andreplassen på den britiske singellista tidleg i 1967. Gruppa utvikla seg dei neste tre åra og vart etter kvart ein kvartett. Seinare kom gitaristen Jeff Lynne med i gruppa dei gav ut psykedeliske, progressige og heavy metal-album som Shazam, Message from the Country og Looking On, som var populære i England, men nesten heilt ukjende i Amerika. Stilen deira dekka alt frå eldre rock & roll, inkludert Duane Eddy og til og med noko doo wop, men dei hadde òg Beatles-aktige harmoniar og komplekse tekstar.[4]

I 1971 hadde ideane og ambisjonane til Wood vorte for store for eit enkelt band, og føreslo å danne ein avleggjar av the Move kalla the Electric Light Orchestra. Debutalbumet til gruppa med same namn kom ut på Harvest Records i England til gode meldingar og greit sal. Det nye bandet fekk faktisk etter kvart meir merksemd enn the Move hadde fått. Opphalveg skulle ELO og the Move eksistere side om side, men ELO tok etter kvart over og the Move vart lagt ned. Wood slutta i ELO kort tid etter, og let Lynne og Bevan ta over ELO. Sjølv starta han bandet Wizzard.[4]

Den første singelen til Wizzard, «Ballpark Incident», kombinerte hardrocken til the Move med eit lydbilete som minna om «wall of sound»-produksjonen til Phil Spector, og nådde sjetteplassen på den britiske singellista.[4] I april 1973 nådde Wizzard topen av singellista med «See My Baby Jive», ein suksess dei klarte å gjenta med oppfølgjaren «Angel Fingers». Det første albumet til bandet, Wizzard's Brew, gjorde det derimot ikkje like bra, og var eit særs eksperimentelt album.[4] Etter dette gjekk det dårlegare med bandet, sjølv for singlane, delvis fordi Wood valte å spele inn og gje ut musikk under sitt eige namn i tillegg til å arbeide med Wizzard. Den Phil Spector-aktige «I Wish It Could Be Christmas Everyday» nådde fjerdeplassen i England i 1973, og «Forever» nådde åttandeplassen same året. Wizzard-albuma See My Baby Jive og Eddie & the Falcons fekk dårleg kritikk og selde dårleg, og gruppa vart etter kvart oppløyst.[4] Samstundes var dei to soloalbuma til Wood, Boulders (1973) og Mustard (1975) for sære til å få særleg mange fans.[4]

The Roy Wood Story kom ut i 1976 og oppsummerte karrieren hans for EMI Records og gjorde det godt. Dei neste albuma hans, On the Road (1979) og Starting Up (1987), gjorde det heller dårleg. Sidan den gong har Wood halde ein låg profil, men heldt fram å spele inn plater til inn i 1990-åra.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Samarbeidsalbum[endre | endre wikiteksten]

  • The London Bo Diddley Sessions (1973) – med Wood på bass

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

  • The Singles (1982) – UK nr. 37
  • Music Book (2011)

Solosinglar[endre | endre wikiteksten]

  • «When Gran'ma Plays the Banjo» (1972)
  • «Dear Elaine» (1973) – UK nr. 18
  • «Forever» (1973) – UK nr. 8
  • «Goin' Down the Road» (1974) – UK nr. 13
  • «Oh What a Shame» (1975) – UK nr. 13
  • «Look Thru' the Eyes of a Fool» (1975)
  • «Any Old Time Will Do» (1976)
  • «Keep Your Hands on the Wheel» (1978)
  • «(We're) On the Road Again» (1979)
  • «Rock City» – Helicopters (1980)
  • «Sing Out the Old........Bring in the New» (1980)
  • «Green Glass Windows» – Roy Wood's Helicopters (1981)
  • «Down to Zero» (1981)
  • «It's Not Easy» (1982)
  • «O.T.T.» (1982)
  • «We are the Boys (Who Make All the Noise)» – The Rockers (1983)
  • «Under Fire» (1985)
  • «Sing Out the Old – Bring in the New» – new recording (1985)
  • «Raining in the City» (1986)
  • «1–2–3» (1987)

Samarbeidssinglar[endre | endre wikiteksten]

  • «Dance Around the Maypole» – Acid Gallery (1969)
  • «I Never Believed in Love» – Annie Haslam og Roy Wood (1977)
  • «Hong Kong Swing» – Cruella de Ville (1984)
  • «Waterloo» (1986) – Doctor and the Medics med Roy Wood (1986) – UK nr. 45
  • «I Wish It Could Be Christmas Everyday» – Roy Wood Big Band (1995) – UK nr. 59
  • «I Wish It Could Be A Wombling Merry Christmas Everyday» – The Wombles med Roy Wood (2000) – UK nr. 22
  • «My Christmas Card To You» – The Shooting Stars (2009)

Songar spelte inn og gjeve ut av andre artistar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Roy Wood – Wizard – Famous Derbyshire People». Peakdistrictonline.co.uk. 8 November 1946. Henta 11. februar 2015. 
  2. «Roy Wood – The Enigmatic Wizard of Rock. (Tom Bates Derbyshire Peak District Author, writer, Poet)». Aboutderbyshire.co.uk. Henta 11. februar 2015. 
  3. Bruce Eder (8 November 1946). «Roy Wood | Biography». AllMusic. Henta 11. februar 2015. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Biografi på nettsida til Allmusic
  5. «ELO II/The Lost Planet – Electric Light Orchestra | Credits». AllMusic. Henta 11. februar 2015. 
  6. «Roy Wood | Songs». AllMusic. 8 November 1946. Henta 11. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]