Alexander Dale Oen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alexander Dale Oen i 2009

Alexander Dale Oen (21. mai 198530. april 2012)[1] var ein norsk symjar. Han representerte klubben Vestkantsvømmerne, ein symjeklubb for Bergensområdet, og Bærumsvømmerne, ein symjeklubb i Bærum.

Han fekk det internasjonale gjennombrotet sitt i 2005, med sjuandeplass på 100 meter bryst i langbane-VM.

Under kortbane-EM i desember 2005 sette Oen nordisk rekord på 100 meter bryst med tida 59,05. Dermed blei han første nordmannen som sumde distansen på under eitt minutt. Tida gav han fjerdeplass på distansen. Oen tok gull på 100 meter bryst i EM 2008. Det var den første gullmedaljen i EM for ein norsk herresymjar. 11. august 2008 tok Oen sølv på same distanse under OL i Beijing. I semifinalen sette Oen ny norsk og olympisk rekord med tida 59,16, då berre 3 hundredelar bak verdsrekorden. Under finalen sette derimot Kosuke Kitajima både ny verdsrekord og olympisk rekord med tida 58,91.

I 2011 vart Alexander Dale Oen tildelt Aftenpostens gullmedalje.[2] 3. juni 2014 fekk ein ny symjehall på Nygårdstangen i Bergen namnet Alexander Dale Oen Arena, oppkalla etter Dale Oen.[3][4]

Byrjinga[endre | endre wikiteksten]

Oen sumde sine første tak i kulturhuset på øya Rong i Øygarden. Han trena i den lokale symjeklubben der til den blei lagt ned i 1995. Han begynte å symje for Øygarden Symjeklubb då han var fire år gammel. Frå 1995 representerte han Vestkantsvømmerne, med klubben sin grunnleggjar Tore Arne Hestholm som trenar. Det var lang reisetid til trening, og han flytta som 16-åring til Laksevåg for å kunne kombinere trening og vidaregåande skule. Han melde overgang til Bærumssvømmerne i 2011.[5]

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Internasjonale merittar[endre | endre wikiteksten]

PLASSERING GREIN MEISTARSKAP BASSENG
2. plass 100 bryst Sommar-OL 2008 Kina Beijing, Kina
2. plass 50 bryst EM langbane 2008 Nederland Eindhoven, Nederland
1. plass 100 bryst EM langbane 2008 Nederland Eindhoven, Nederland
2. plass 200 bryst EM langbane 2008 Nederland Eindhoven, Nederland
2. plass 100 bryst EM langbane 2006 Ungarn Budapest, Ungarn
3. plass 100 bryst VM kortbane 2006 Kina Shanghai, Kina
3. plass 100 bryst EM kortbane 2006 Flag of Finland.svg Helsingfors, Finland
7. plass 100 bryst VM langbane 2005 Flag of Canada.svg Montreal, Canada
4. plass 100 bryst EM kortbane 2005 Italia Trieste, Italia
6. plass 50 bryst EM kortbane 2005 Italia Trieste, Italia
2. plass 50 bryst EMjr langbane 2003 Storbritannia Glasgow, Storbritannia
8. plass 100 bryst VM langbane 2007 Storbritannia Melbourne, Australia

Rekordar[endre | endre wikiteksten]

Kortbane[endre | endre wikiteksten]

REKORD GREIN TID DATO BASSENG
Norsk rekord 100 bryst 59.05 09. desember 2005 Italia Trieste, Italia
Nordisk rekord 100 bryst 58.14 10. april 2008 Storbritannia Manchester, Storbritannia
Norsk rekord 50 bryst 27.22 10. desember 2005 Italia Trieste, Italia
Norsk rekord 200 bryst 2:08.28 16. desember 2007 Ungarn Debrecen, Ungarn
Norsk juniorrekord 50 bryst 28.50 13. desember 2003 Irland Dublin, Irland
Norsk juniorrekord 100 bryst 1:03.31 11. desember 2003 Irland Dublin, Irland
Norsk juniorrekord 200 bryst 2:15.54 14. desember 2003 Irland Dublin, Irland

Langbane[endre | endre wikiteksten]

REKORD GREIN TID DATO BASSENG
Olympisk rekord 100 bryst 59.16 10. august 2008 Kina Beijing i Kina
Nordisk rekord 50 bryst 27.53 23. mars 2008 Nederland Eindhoven i Nederland
Europeisk rekord 100 bryst 59.16 10. august 2008 Kina Beijing i Kina
Nordisk rekord 200 bryst 2:09.74 21. mars 2008 Nederland Eindhoven i Nederland
Norsk juniorrekord 50 bryst 29.17 2. august 2003 Storbritannia Glasgow i Storbritannia
Norsk juniorrekord 100 bryst 1:02.53 1. august 2003 Storbritannia Glasgow i Storbritannia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]