Ferran Olivella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ferran Olivella
Fødd 22. juni 1936
Fødestad Barcelona

Fernando Olivella Pons (fødd 22. juni 1936) er ein spansk tidlegare fotballspelar frå Barcelona, kaptein på det spanske landslaget som vann europameisterskapen 1964. Forsvarsspelaren spelte på FC Barcelona frå 1956 til 1969.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Olivella spelte 1954-56 på andredivisjonslaget España Industrial. Sommaren 1956 gjekk han over til FC Barcelona og etablerte seg omgåande i fyrsteellevaren. Fram til 1964 spelte han i midtforsvaret, sidan oftast som sideback. Frå 1964 var han kaptein på laget til han la opp i 1969. Med Barça vart Olivella spansk seriemeister i 1959 og 1960, fire gongar vann han den spanske cupmeisterskapen og tre gongar Messebycupen. Han skåra eitt einaste mål i den spanske fyrstedivisjonen.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Olivella spelte 6 landskampar for Spania i tida 1957-60. Etter tre og eit halvt år utanfor landslaget kom han i oktober 1963 tilbake i EM-kvalifiseringskampen mot Nord-Irland i Belfast. Frå mars 1964 til han i desember 1965 spelte sin 18. og siste landskamp var han landslagskaptein i 10 kampar på rad. Under Fotball-EM 1964 i Madrid var han med å vinne semifinalen med 2-1 over Ungarn og finalen med dei same siffera mot Sovjetunionen.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1964 for Spania
  • Vinnar av messebycupen: 1958, 1960 og 1965 med FC Barcelona
  • Spansk seriemeister: 1959 og 1960 med FC Barcelona
  • Spansk cupmeister: 1957, 1959, 1963 og 1968 med FC Barcelona
  • Finaletap i cupvinnarcupen: 1969 med FC Barcelona

Kjelder[endre | endre wikiteksten]