Anatas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anatas
Anatase-131663.jpg
Anatas-einkrystall på kvarts frå Minas Gerais, søraust-region, Brasil (3,0 x 2,3 x 0,8 cm)
Generelt
KategoriOksidmineral
Kjemisk formelTiO2
Strunz-klassifisering04.DD.05
Identifikasjon
Molekylvekt79.88
FargeSvart, raudaktig til gulaktig brun, mørk blå, grå
KrystallformPyramidisk (krystallane har forn som pyramidar), tabular (form dimensjon er tynne i ei retning).
KrystallsystemTetragonalt
TvillingSjeldan på {112}
KløyvPerfekt på [001] og [011]
BrotSubkonkoidal
Mohs hardleiksskala5.5–6
GlansAdamantin til splendent, metallisk
StrekfargeBleik gulaktig kvit
TransparensTransparent til nesten opak
Spesifikk vekt3.79–3.97
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparUniaksial (-), anomal biaksial i sterkt farga krystallar
Brytingsindeksnω = 2.561, nε = 2.488
Dobbeltbrytingδ = 0.073
PleokroismeSvak
Kjelder[1][2][3]

Anatas (eng. anatase) er ein tetragonal krystall og er eit mineral av titandioksid. Den er ein av fire naturleg forekommande polymorfismar (mineral med same samansetting, men med ulik struktur) av titandioksid, TiO2, som er godkjent av International Mineralogical Association (IMA). Dei andre er akaogiitt (monoklinisk), brookitt (ortorombisk) og rutil (tetragonal). Det er alltid funne som små, enkle og tydeleg utvikla krystallar. Som rutil, som er ei meir vanleg forekommande form for titandioksid, har anatas eit tetragonalt krystallsystem. Sjølv om symmetrien er den same for begge, så er det ingen samanheng mellom grenseskiktvinklane i dei to minerala, med unnatak av prisme-sona på 45° og 90°. Den vanlege anastaspyramiden, parallelt med flata der ein har perfekt kløyv, har ein vinkel over den polare kanten på 82°9'. Den tilsvarande vinkelen i rutil er 56°52½'. Det var på grunn av denne bratte pyramiden at anatas fekk namnet sitt av René Just Haüy i 1801. Det kjem frå gresk anatasis, "forlenging", sidan den vertikale aksen i krystallen er lengre enn i rutil. Det er òg ein viktig skilnad i dei fysiske eigenskapane. Anastas er mindre hard (5.5–6 vs. 6-6.5 Mohs for rutil) og lettare (spesifikk gravitet om lag 3.9 vs. 4.2 for rutil). I tillegg er anatas optisk negativ, medan rutil er positiv, og fargen er tydelegare adamantin eller metallisk-adamantin enn i rutil.

Anatas med kvarts frå Hardangervidda

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Anatase, Handbook of Mineralogy
  2. Anatase, Mindat.org
  3. «Anatase». Webminerals. Henta 2. mai 2013.