Ilmenitt
| Ilmenitt | |||
| Ilmenitt frå Miask i Ilmen, Tsjeljabinsk oblast i Ural i Russland. 4,5 x 4,3 x 1,5 cm | |||
| Generelt | |||
|---|---|---|---|
| Kategori | oksydmineral | ||
| Kjemisk formel | jerntitanoksid, FeTiO3 | ||
| Strunz-klassifisering | 04.CB.05 | ||
| Dana-klassifisering | 04.03.05.01 | ||
| Identifikasjon | |||
| Farge | Jern-svart; grå med ein brunaktig farge i reflektert lys | ||
| Krystallform | Kornet til massiv og lamelforma avblanding i hematitt eller magnetitt | ||
| Krystallsystem | Trigonal romboedrisk 3 | ||
| Tvilling | {0001} enkel, {1011} lamelforma | ||
| Kløyv | Ingen; deling på {0001} og {1011} | ||
| Brot | muslig til undermuslig | ||
| Mohs hardleiksskala | 5–6 | ||
| Glans | Metallisk til undermetallisk | ||
| Strekfarge | Svart | ||
| Transparens | Ugjennomsiktig | ||
| Spesifikk vekt | 4.70–4.79 | ||
| Optiske eigenskapar | |||
| Optiske eigenskapar | Einaksa (–) | ||
| Dobbeltbryting | Sterk; O = bleikraud brun, E = mørk brun | ||
| Andre eigenskapar | svakt magnetisk | ||
| Kjelder | [1][2] | ||
Ilmenitt FeTiO3 (titanjernstein) er eit mineral som ofte dannar metalliske, svarte korn i mange magmatiske bergartar. Det har same type struktur som hematitt, og desse har liknande utsjånad, men har svart strek. Mineralet er eit jern-titan-oksid. Dei analoge magnesium- og mangansambindingane er geikielitt MgTiO3 og pyrofanitt MnTiO3

Mineralet er vanleg og finst aksessorisk i mange forskjellige bergart. Noreg har dei største ilmenittreservane i Europa og er den største produsenten i verda i lag med Australia. Titania A/S bryt seks millionar tonn ilmenitt årleg i Egersundfeltet på Hauge i Dalane. Malmen vert vidareforedla til titanoksid ved Kronos Titan i Fredrikstad. I Odda kommune vart det oppretta eit ilmenittsmelteverk i Tyssedal etter eit stortingsvedtak i 1983. Drifta starta i 1986 og i 1988 vart verket overteke av Tinfos Jernverk.
Ilmenitt på månen
[endre | endre wikiteksten]Ilmenitt er funne i månesteinar, og i 2005 brukte NASA Hubble Space Telescope for å lokalisere potensielt ilmenitt-rike lokasjonar. Mineralet vil kunne vere viktig for ein eventuell månebase fordi ilmenitt ville vere ei kjelde for jarn og titan for bygging av konstruksjonar og essensiell oksygenekstraksjon.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Ilmenitt» frå Wikipedia på bokmål, den 22. desember 2010.
«ilmenitt» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ http://webmineral.com/data/Ilmenite.shtml Webmineral data
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/ilmenite.pdf Mineral Handbook