Anne Grete Preus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne Grete Preus

Fødd22. mai 1957
FødestadHaugesund sjukehus
Død25. august 2019 (62 år)
FødenamnAnne Grete Preus
OpphavNoreg
Aktiv1978–2017
Sjangerrock
Instrumentvokal
PlateselskapWarner Music Norway
Verka sommusikar, songar, gitarist, plateartist
PrisarSpellemannprisen for årets kvinnelige artist, Kardemommestipendiet, Skjæraasenprisen, Norsk Artistforbunds Ærespris, Tekstforfatterfondets ærespris, Spellemannprisen for årets hit, Spellemannprisen for årets album, Juryens hederspris i Spellemannprisen, Anders Jahres Kulturpris

Anne Grete Preus (22. mai 195725. august 2019), var ein norsk musikar og songar. Ho var fødd i Haugesund, oppvaksen der og på Lillestrøm.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Veslefrikk og Can Can[endre | endre wikiteksten]

Etter fullført vidaregåande skule på Lillestrøm, tok Anne Grete Preus grunnfag i psykologi og sosiologi ved Universitetet i Oslo før ho vart heiltidsmusikar på 1970-talet. I 1978 vart ho med i den venstrepolitiske rockegruppa Veslefrikk, med Per Vestaby (kjend frå CC Cowboys) på bass. Bandet gav ut tre studioalbum og oppnådde merksemd i fleire land, m.a. på Roskildefestivalen. Veslefrikk vart oppløyst i 1982, og Vestaby og Preus starta året etter rockegruppa Can Can saman med m.a. gitaristen Jørn Christensen (også frå CC Cowboys). Can Can gav ut to studioalbum og vann Spellemannprisen 1984 for debutplata En lek i forhold. Oppfylgjaren European Rainbow (1986) hadde engelskspråklege tekstar.

Film- og teatermusikk[endre | endre wikiteksten]

Allereie på denne tida hadde Anne Grete Preus starta å komponera musikk til film og teater. Ho komponerte for filmen At dere tør (1981) og Svarte fugler (1983), begge av regissøren Lasse Glomm. Saman med Can Can skreiv Anne Grete Preus filmmusikken til Snart 17 (1984). Anne Grete Preus var på denne tida glad i tekstane til Jens Bjørneboe, og ho komponerte også musikken til skodespelet Til lykke med dagen for Centralteatret i 1987. Året etter produserte ho også filmmusikken til Hotel St. Pauli (1988).

Solokarriere[endre | endre wikiteksten]

Ho signerte platekontrakt med WEA Records, som seinare blei Warner Music Norway og debuterte som soloartist i 1988 med Fullmåne, der ho brukte tekstar av Jens Bjørneboe. Frå og med oppfylgjaren Lav sol! Høy himmel (1989), var Preus både musikar og låtskrivar. Ho komponerte musikken til ei oppsetjing av Ibsen sitt Fruen fra havetNationaltheatret i 1990. I 1991 gav ho ut sitt soloalbum nummer tre: Og høsten kommer tidsnok. Songen Se frå dette albumet vart utgjeven som singel. I 1992 vart Preus tildelt Gammleng-prisen i open klasse.

I 1994 kom hennar fjerde soloalbum ut; Millimeter. Albumet er hennar til no største kommersielle suksess med over 75.000 selde eksemplar. For dette albumet vann ho Spellemannprisen 1994 både i klassen Kvinnelege artist og i klassen Årets album. Songen Millimeter vart kåra til Årets låt. Same året komponerte Preus musikken til balletten Den røde blusen for Den norske opera.

Frå og med 1995 har Anne Grete Preus samarbeidd mykje med Vertavokvartetten, og dei har hatt om lag 25 konsertar saman i Noreg. Preus gav ut albumet Vrimmel i 1996. Plata inneheldt mellom anna singelen Hjertets lys. I 1997 la ho ut på sin fyrste soloturné, noko ho har halde fram med i sin seinare karriere. Året etter kom samleplata Mosaikk - 16 biter.

I 1999 komponerte ho musikken til teaterstykket Skammen for Amfiscenen. I 2001 kom soloalbumet Alfabet. Sistnemnde er innspelt i eit studio i London, og er produsert i samarbeid med Yngve Sætre. Den franske komponisten Hector Zazou var produsent. I 2004 gav ho ut Når dagen roper, der den svenske gitaristen Georg Wadenius stod som produsent. Dette albumet er produsert etter lange opphald i Paris, og Aftenposten meinte albumet var hennar beste album til no. På Om igjen for første gang (2007) deltok både Eivind Aarset og Nils Petter Molvær.[1] Dette året gav ho også ut Sangbok.[2]

Siste soloalbumet til Anne Grete Preus var Nesten alene (2009). Tittelen gjenspeglar noko av arbeidsprosessen med albumet; tekstane er skrivne åleine på ei sjøbu i Hurum. Musikarane blei henta inn etter kvart som songane vart ferdige, og dei vart spelt inn på Rainbow Studio. Preus har kalla arbeidsprosessen frigjerande og inspirerande, og omtalte verket som sitt nullpunkt.[3]

I 2010 samarbeidde ho og Kjetil Bjerkestrand med å komponera musikken til dramatiseringa av Sangen om den røde rubin av Agnar Mykle for Riksteateret.[4]

Konserter har ho spelt så seint som i 2017.[5][6]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Anne Grete Preus var sambuar med Eva-Maria Bekier og hennar born i perioden 2004-07 [1]. Preus var dels busett i Oslo og dels i Paris, der ho hadde ei skrivestove.[7]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum av Anne Grete Preus[endre | endre wikiteksten]

  • Fullmåne (1988)
  • Lav sol! Høy himmel (1989)
  • Og høsten kommer tidsnok (1991)
  • Millimeter (1994)
  • Vrimmel (1996)
  • Alfabet(2001)
  • Når dagen roper (2004)
  • Om igjen for første gang (2007)
  • Nesten alene (2009)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Biografi frå Annegretepreus.no, arkivert frå originalen 28. juli 2012, henta 19. desember 2011 
  2. Anne Grete Preus på TV 2 underholdning, arkivert frå originalen 16. september 2013, henta 19. desember 2011 
  3. Biografi frå Annegretepreus.no, arkivert frå originalen 28. juli 2012, henta 19. desember 2011 
  4. Biografi frå Annegretepreus.no, arkivert frå originalen 28. juli 2012, henta 19. desember 2011 
  5. http://www.ballade.no/sak/det-er-savn-i-mine-sanger/
  6. arkivkopi, arkivert frå originalen 15. juni 2018, henta 22. mai 2018 
  7. Anne Grete Preus på TV 2 underholdning, arkivert frå originalen 16. september 2013, henta 19. desember 2011