Antonina Ordina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antonina Ordina
Statsborgarskap Russland, Sverige
Fødd 24. januar 1962 (62 år)
Narjan-Mar
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Ski-VM 1987, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Antonina Gennadjevna Ordina (fødd 24. januar 1962) er ein sovjetisk-svensk tidlegare langrennar frå Narjan-Mar i Russland som tevla internasjonalt frå 1984 til 2002. Ho vart stafett-verdsmeister for Sovjetunionen i 1987, og ho vann to VM-bronsar for Sverige i 1995.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ordina gjekk inn til andreplass to då ho debuterte i verdscupen i langrenn 13. desember 1984, ein 5 km i Val di Sole i Italia. Sidan vart ho nummer tre på ein 5 km i Lahti februar 1987, og på to 10-kilometerar i 1987/88-sesongen, den fyrste i Bohinj i dåverande Jugoslavia og den andre ved Leningrad. Under Ski-VM 1987 i Oberstdorf gjekk ho startetappen for Sovjetunionen sitt lag vinnarlag i 4 x 5 km stafett.

Etter Sovjetunionen gjekk i oppløysing, utvandra Ordina til Sverige og var svensk statsborgar frå 1994. Ordina deltok såleis for Sverige under Vinter-OL 1994Lillehammer, der ho som best kom på sjuandeplassen på 15 km. Året etter vann ho to bronsemedaljar då Ski-VM 1995 fann stad i Thunder Bay. Fyrst i 4 x 5 km stafett, der ho gjekk den tredje etappen for svenskane. Få dagar etter vann ho individuell medalje på 30 km, einast verdsmeister Jelena Välbe og Manuela Di Centa gjekk fortare. I desember 1998 vart Ordina nummer to og tre i to verdscuprenn i Toblach. Vel tre veker seinare vart ho nummer to på 10 km i Otepää.

Gjennom åra vann Ordina 20 svenske meistertitlar i langrenn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]