Arabella Kiesbauer
| Arabella Kiesbauer | |||
| Arabella Kiesbauer (t.v.), Mirjam Weichselbraun (midten) og Alice Tumler (t.h.) | |||
| Fødd | 8. april 1969 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Wien i Austerrike | ||
| Fødenamn | Cosima Arabella-Asereba Kiesbauer | ||
| Alias | Arabella Kiesbauer | ||
| Opphav | Tyskland | ||
| Aktiv | 1989– | ||
| Verka som | Programleiar, forfattar og modell | ||
| Prisar | Romy, Bayerns fjernsynspris | ||
Cosima Arabella-Asereba Kiesbauer (fødd 8. april 1969 i Wien), kjend som Arabella Kiesbauer, er ein tysk-ghanesisk-austerriksk programleiar, forfattar og modell. Ho er dotter av den tyske skodespelaren Hannelore Kiesbauer og den ghanesiske ingeniøren Sammy Ammissah, men vaks opp med bestemoren i Wien etter at foreldra vart separerte.
9. juni 1995 var ho målet for eit bombeangrep då den austerrikske terroristen Franz Fuchs sendte ei brevbombe til ProSieben-studioet der ho arbeidde.[1][2] Assistenten hennar, som opna brevet, vart skadd av bomba.[1][2]
Eurovision
[endre | endre wikiteksten]Eurovision Song Contest 2015
[endre | endre wikiteksten]På ein pressekonferanse 19. desember 2014 vart Kiesbauer presentert av Österreichischer Rundfunk som ein av programleiarane for Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike, saman med Mirjam Weichselbraun, Alice Tumler og green room-programleiar Conchita Wurst.[3] Saman med Weichselbraun, Tumler, Wurst, Left Boy, eit lokalt barnekor og Radio-Symphonieorchester Wien framførte ho «Building Bridges» under opninga av finalen.[4]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Eurovision 2015 presenter Arabella Kiesbauer: 10 things you need to know». The Mirror (på engelsk). 23. mai 2015. Henta 7. juni 2015.
- 1 2 «Ein tödlicher Rechthaber». Berliner Zeitung (på tysk). 12. februar 1999. Henta 8. juni 2015.
- ↑ «Who gets to host Eurovision in Vienna?» (på engelsk). Eurovision.tv. 19. desember 2014. Henta 7. juni 2015.
- ↑ «The Grand Final live from Vienna!» (på engelsk). Eurovision.tv. 23. mai 2015. Henta 7. juni 2015.