Alice Tumler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alice Tumler
20150520 ESC 2015 Moderatorinnen 3112.jpg
Arabella Kiesbauer (t.v.), Mirjam Weichselbraun (midten) og Alice Tumler (t.h.)
Verkeleg namn Alice Tumler
Fødd 11. november 1978
Innsbruck i Austerrike
Yrke Programleiar

Alice Tumler (fødd 11. november 1978 i Innsbruck) er ein austerriksk programleiar. Tumler har austerriksk far av slovensk-italiensk avstamning og fransk mor frå Martinique i Karibia. Ho pratar flytande tysk, engelsk, fransk og italiensk, men meistrar òg spansk og portugisisk.[1]

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Eurovision Song Contest 2015[endre | endre wikiteksten]

På ein pressekonferanse 19. desember 2014 vart Tumler presentert av Österreichischer Rundfunk som ein av programleiarane for Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike, saman med Mirjam Weichselbraun, Arabella Kiesbauer og green room-programleiar Conchita Wurst.[2] Saman med Weichselbraun, Kiesbauer, Wurst, Left Boy, eit lokalt barnekor og Radio-Symphonieorchester Wien framførte ho «Building Bridges» under opninga av finalen.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sprachtalent Tumler moderiert Talentshow (tysk). Kleine Zeitung (16. juli 2013). Vitja 7. juni 2015.
  2. Who gets to host Eurovision in Vienna? (engelsk). Eurovision.tv (19. desember 2014). Vitja 7. juni 2015.
  3. The Grand Final live from Vienna! (engelsk) (23. mai 2015). Vitja 7. juni 2015.