Mirjam Weichselbraun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mirjam Weichselbraun

Fødd27. september 1981
FødestadInnsbruck i Austerrike
FødenamnMirjam Weichselbraun
OpphavAusterrike
Verka somProgramleiar og skodespelar
Sambuar medJan Hahn
PrisarRomy, Årets tiroler

Mirjam Weichselbraun (fødd 27. september 1981 i Innsbruck) er ein austerriksk programleiar og skodespelar.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Wer singt für Österreich?[endre | endre wikiteksten]

28. oktober 2014 vart det kjend at Weichselbraun ville vere programleiar for Wer singt für Österreich?, den austerrikske uttakinga til Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike.[1] Ho leia dei fire programma som vart sende på ORF eins i februar og mars 2015.[1]

Eurovision Song Contest 2015[endre | endre wikiteksten]

På ein pressekonferanse 19. desember 2014 vart Weichselbraun presentert av Österreichischer Rundfunk som ein av programleiarane for Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike, saman med Alice Tumler, Arabella Kiesbauer og green room-programleiar Conchita Wurst.[2] Saman med Tumler, Kiesbauer, Wurst, Left Boy, eit lokalt barnekor og Radio-Symphonieorchester Wien framførte ho «Building Bridges» under opninga av finalen.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Austria: Mirjam Weichselbraun to host national selection» (på engelsk). esctoday.com. 28. oktober 2014. Henta 7. juni 2015. 
  2. «Who gets to host Eurovision in Vienna?» (på engelsk). Eurovision.tv. 19. desember 2014. Henta 7. juni 2015. 
  3. «The Grand Final live from Vienna!» (på engelsk). Eurovision.tv. 23. mai 2015. Henta 7. juni 2015.