Spikkestadbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lokaltog på Røyken stasjon
Foto: Trond Strandsberg (2007)

Spikkestadbanen eller Spikkestadlinja, vanlegvis helst kalla Røykenbanen, er ei 14 km lang einspora jarnbaneline frå Asker stasjon i Asker kommune i Akershus fylke til Spikkestad stasjon i Røyken kommune i Buskerud fylke.

Bana har elektrisk drift, og var tidlegare ei strekning av Drammensbanen mellom Oslo og Drammen. Etter at den dobbeltspora Liertunnelen og ny bane over Lierstranda vart opna i 1973, gjekk Drammensbanen beinveges frå Asker stasjon til Drammen i staden for den lange vegen i ei stor sløyfe om Spikkestad i Røyken kommune og Lierbyen i Lier kommune, og den gamle strekninga mellom Asker og Spikkestad kunne gjerast om til lokalbana Spikkestadbanen. Fram til 1994 vart haldeplassen Gullaug i Lier kommune oppretthalde som endehaldeplass for passasjertrafikken. Då vart bana gjort kortare ved at Spikkestad stasjon i Røyken kommune vart endehaldeplassen.

Strekninga frå Spikkestad via Lierbyen til Drammen er lagd ned og skjenegangen fjerna. No er det haldeplassen Lier ved munningen av Liertunnelen på Drammensbanen som er den næraste jarnbanehaldeplassen for det stroket som haldeplassen Gullaug låg i tidlegare.

Spikkestadbanen har stasjonane og haldeplassane Asker, Bondivatn, Gullhella og Heggedal i Asker kommune, og Hallenskog, Røyken, Åsåker og Spikkestad i Røyken kommune.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!