Askerbygda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kommunevåpenet til den tidlegare Asker kommune var frå 1964 og syner tre stiliserte «askekallar». Askekallar er den lokale nemninga på gamle styv-askar, slike asketre som i årevis har vorte hausta for lauv og greiner til dyrefôr

Asker, Gamle Asker (i motsetnad til den noverande kommunen Asker) eller Askerbygda, er ei bygd på vestsida av Indre Oslofjord. Fram til 1. januar 2020 var bygda ein eigen kommune i det tidlegare Akershus fylke, med grenser til kommunane Bærum i Akershus og kommunane Røyken og Lier i det tidlegare Buskerud fylke, men vart frå denne datoen slege saman med kommunane Røyken og Hurum til den nye Asker kommune i storfylket Viken, som vart skipa med verknad frå denne datoen.

Namnet «Asker» er ei fleirtalsnemning av treslaget ask. Kommunen har fått namnet etter dei tidlegare gardane med namnet Asker i det som har vorte administrasjonsstaden i både den opphavlege og den nye kommunen. Området ved Askergardane har truleg vore eit bygdesenter frå gamalt av, slik det syner seg av både dei mange gravhaugane i området, og av at ei steinkyrkje frå mellomalderen stod her fram til ho vart riven etter ein brann 3. mars 1878 og erstatta av den noverande Asker kyrkje på same staden, innvigd 17. oktober 1879. Bygda med eige ting rundt år 1000 heitte Skogheimsherad. Opp gjennom tidene endre namnet seg til Skauom og så til Skaugum.

Folk frå Askerbygda vert kalla «askerbøringar».

Asker som bygdenamn i Sverige[endre | endre wikiteksten]

Eit tidlegare herad søraust i landskapet Närke i Sverige bar namnet Askers härad, og er til liks med namnet for kommunen og gardane Asker attmed Oslofjorden danna på grunnlag av nemninga for tresorten ask.

Litteratur om Askerbygda i utval[endre | endre wikiteksten]

Opplysningar om Askerbygda i gamal og ny tid finst i mange ulike publikasjonar, mellom anna i årbøker og andre utgjevingar frå Asker og Bærum Historielag.

Generelt:

Geologi:

  • Dons, Johannes A. m.fl., 1996. Oslo-traktenes geologi med 25 turbeskrivelser, Nesbru: Vett & Viten AS. ISBN 82-412-0102-8
  • Hurum, Jørn H. & Merethe Frøyland, 2017, Geologiske turer i Oslo-traktene. Drammen: Forlaget Vett & Viten AS. ISBN 978-82-412-0736-5

Kultursoge:

  • Torgersen, Halvard, 1941, Asker : Bidrag til bygdas gårdshistorie, Oslo: Grøndahl & Søn [Faksimilietrykk frå 1985 av andre utgåva].
  • Lønnå, Finn & Karl Nilsen, 1986, Langs Kongevei og gammel Drammensvei i Asker og Bærum, Asker og Bærum Historielag.
  • Granlund, Loyd, Tore Brønner m.fl., 1983, Dampskipstrafikken på Askerlandet ca. 1850 – 1950 : Båter med Bær, Bønder og Byfolk, Asker og Bærum Historielag.
  • Larsen, Jan Martin, Jon Stenseng, Kjell H. Kittelsen, Olav Grosvold, 2000, Vestmarka : Veifar og vandring, Asker og Bærum Historielag. ISBN 82-90095-08-2
  • Larsen, Jan Martin, Jon Stenseng, Kjell H. Kittelsen, 2001, Vestmarka : Seterliv og kølabrenning, Asker og Bærum Historielag. ISBN 82-90095-09-0
  • Kittelsen, Kjell H., 2005, Brent kalk : 900 år med kalkbrenning i Asker og Bærum. Asker og Bærum Historielag. ISBN 82-90095-10-4
  • Nilsen, Karl, 2019 (1979), Blant kunstnere i det gamle Asker, 2. utgåva, redigert at Randi Gunderson Malm, Asker og Bærum Historielag, ISBN 978-82-90095-23-4

Sjå og[endre | endre wikiteksten]