Atlapetes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Atlapetes


Skiferkjerrsporv, Atlapetes schistaceus Illustrasjon av Joseph Smit, 1875
Skiferkjerrsporv, Atlapetes schistaceus
Illustrasjon av Joseph Smit, 1875

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Passerellidae
Slekt: Atlapetes
Vitskapleg namn
Atlapetes
Wagler, 1831

Atlapetes er ei biologisk slekt av kjerrsporvar som lever i nokså høgtliggande område i neotropane, inkludert Andes, og er medlem av amerikasporvfamilien, Passerellidae.

Kvitkronekjerrsporv, Atlapetes albinucha
Foto: Francesco Veronesi
Brunkronekjerrsporv, Atlapetes pileatus i Ecuador
Foto: Francesco Veronesi

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ei slekt av 28 (31) mellomstore kjerrsporvar.[1] Artslista inkluderer òg fuglar som tidlegare var klassifiserte i 2 andre slekter, og slekta er per oktober 2017 den største i amerikasporvfamilien.

Kroppslengda for ein Atlapetes-kjerrsporv er typisk 15 til 18 centimeter. For mange av artane har fjørdrakta gult bryst og underside, mørk oliven til grå overside. Hovudet har ofte mørkare hette, hos nokre artar med raudbrun farge. Unntaket er gulhovudkjerrsporv som har einsfarga gult hovud med olivenskjer, og olivenfarga overside. Nær halvparten av artane manglar gult i buken og har i staden stort sett grå, ofte lys grå underside.

Brunkronekjerrsporv, Atlapetes pileatus, lever på fjellplatå i Mexico, mellom 900 og 3500 moh. Tepuikjerrsporv, Atlapetes personatus, finn ein i sørvestre Venezuela og litt inn i tilgrensande område av Brasil og Guiana. Kvitkronekjerrsporv har ei vid utbreiing frå nordlegaste Ecuador, gjennom Andes i Colombia, Sentral-Amerika og til Mexico.[2] Dei andre artane er grovt rekna knytt til Andes, frå Argentina og Bolivia til Colombia og Venezuela.

Her lever dei i underskog i utkanten av høgtliggande skog. Artane har mykje lik læte og er vanskelig å identifisere når dei berre er høyrt.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Atlapetes i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

IOC World Bird List, versjon 7.3, rangerer opp artane mustasjekjerrsporv, gullkronekjerrsporv og rustkronekjerrsporv kvar i to sjølvstendige artar slik desse taksona òg reknas som sjøvstendige artar:

  • A. meridae, (Sclater, PL & Salvin, 1871)[4]
  • A. crassus, (Bangs, 1908)[5]
  • A. nigrifrons, (Phelps & Gilliard, 1940)[6]

I tillegg til ulike rangeringar av takson blant dei to autoritetane, gjev dei ulik rekkefølge innenfor slekta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ridgely, Robert S.; Tudor, Guy (1. juni 2009). Field Guide to the Songbirds of South America: The Passerines. University of Texas Press. ISBN 978-0-292-71748-0. 

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  2. Rising, J. (2017) White-naped Brushfinch (Atlapetes albinucha) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 14. oktober 2017
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
  4. del Hoyo, J. & Collar, N. (2017) Merida Brush-finch (Atlapetes meridae) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2017). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 14. oktober 2017
  5. del Hoyo, J. & Collar, N. (2017) Choco Brush-finch (Atlapetes crassus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2017). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 14. oktober 2017
  6. del Hoyo, J. & Collar, N. (2017) Black-fronted Brush-finch (Atlapetes nigrifrons) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2017). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 14. oktober 2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Atlapetes