Avtalen om opne luftrom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Avtalen om opne luftrom tredde i kraft 1. januar 2002, og har for tida (2016) 34 medlemsland. Han etablerer eit program for uvæpna overvakingsfly over heile territoriet til deltakarlanda. Traktaten er laga for å fremja gjensidig forståing og tillit ved å gje alle deltakarar, uavhengig av storleik, ei direkte rolle i å samla inn informasjon om militære styrkar og aktivitetar som rører dei. Opne luftrom er ein av dei mest omfattande avtalane i internasjonalt arbeid for å fremja openheit og innsyn i militære styrkar og aktivitetar.  Den vart forhandla fram av medlemmar frå NATO og Warszawapakta, og vart underteikna i Helsingfors i Finland den 24. mars 1992.

Kvaliteten på fotografia er begrensa til ei oppløysing på 30 cm. i høve avtalen. Kvaliteten skal berre tillata identifisering av større militært utstyr, så som å kunne sjå skilnaden på ei stridsvogn og ein lastebil. Alle bileta som vert tekne, skal kunne delast mellom alle medlemslanda.

At avtalen kom i stand i det heile teke, kjem av utviklinga innan fotosatellittar. Oppløysinga på satellittbilda gjer flyfoto nesten overflødige. Det er difor reist spørsmål om kva nytte ein har av denne avtalen.[1]

Medlemskap[endre | endre wikiteksten]

34 medlemmar til Avtalen om opne luftrom er: Kviterussland, Belgia, Bosnia-Hercegovina, Bulgaria, Canada, Kroatia, tsjekkia, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Georgia, Tyskland, Hellas, Ungarn, Island, Italia, Latvia, Litauen, Luxembourg, Nederland, Noreg, Polen, Portugal, Romania, Russland, Slovakia, Slovenia, Spania, Sverige, Tyrkia, Ukraina, Storbritannia, og USA. Kirgisistan har signert, men enno (2017) ikkje ratifisert. Canada og Ungarn er depositories av traktaten i heider av deira spesielle bidrag I prosessen til Open Himmel.

Åtte nye land har slutta seg til traktaten sidan den trådde i kraft: Finland, Sverige, Latvia, Bosnia og Hercegovina, Kroatia, Slovenia, Estland og Litauen.

Grunnleggjande element i traktaten[endre | endre wikiteksten]

Territorium[endre | endre wikiteksten]

Regimet under Open Himmel dekkjer territorium over land som er medlem og øver suverenitet, inkludert landområde, øyar og territorialfarvatn. Avtalen sier at heile territoriet til eit medlemsland skal vera tilgjengeleg for observasjon.

Fly som vert brukt[endre | endre wikiteksten]

USAF Boeing OC-135B Open Himmel.
 An-30 overvåkingsfly
Tupolev Tu-214 frå det russiske flyvåpenet.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. https://fas.org/sgp/crs/nuke/IN10502.pdf

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]