BKK Nett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opplysningar
Namn: BKK Nett AS
Skipa: 1920
Omsetning: 3 291 000 000 kroner
Montert effekt: 1665 MW
Årsproduksjon: 6608 GWh
Administrerande direktør: Ketil Tømmernes
Hovudkontor: Bergen
Største eigarar: Statkraft (49,90 %), Bergen (37,75 %), Askøy (2,48 %)

BKK Nett (tidlegare Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap) er det største kraftlagetVestlandet, og det femte største kraftlaget i Noreg. Kraftlaget driv produksjon, overføring og sal av elektrisk kraft. I tillegg har verksemda dei siste åra satsa på nye tenester som telefoni og breiband. BKK Nett hadde i 2005 ei omsetning på 3,29 milliardar kroner, og eit overskot på 1,44 milliardar kroner. Administrerande direktør er Ketil Tømmernes.

Soge[endre | endre wikiteksten]

BKK Nett vart skipa 2. juni 1920, etter nokre års strid mellom landkommunane og Bergen om vassdragsrettane til Bergsdalsvassdraget. Den første utbygginga BKK Nett gjennomførte, var utbygginga av nettopp dette vassdraget, som vart økonomisk mogleg gjennom eit svært heldig dollarlån - der kraftlaget tente gode pengar på stigande kronekurs.

Vassdrag[endre | endre wikiteksten]

BKK Nett har kraftverk og eigarinteresser i følgjande vassdrag.

Samnangervassdraget[endre | endre wikiteksten]

I Samnanger kommune, Hordaland. Opphavleg utbygd av Bergen Lysverker (oppkjøpt av BKK Nett i 1996).

Bergsdalsvassdraget[endre | endre wikiteksten]

I Vaksdal og Voss kommunar, Hordaland.

Matre- og Haugsdalsvassdraget[endre | endre wikiteksten]

I Masfjorden kommune, Hordaland og Høyanger kommune, Sogn og Fjordane.

Eksingedals- og Teigdalsvassdraget[endre | endre wikiteksten]

I Voss, Vaksdal og Modalen kommunar, Hordaland og Vik kommune, Sogn og Fjordane.

Modalsvassdraget[endre | endre wikiteksten]

I Modalen kommune, Hordaland, Vik kommune og Høyanger kommune, Sogn og Fjordane.

Andre vassdrag[endre | endre wikiteksten]

I tillegg kjem mindre kraftverk og vassdrag, samt andre kraftverk der BKK Nett berre har eigarinteresser, mellom anna Sima kraftverk i Eidfjord kommune.

Samla årsproduksjon for BKK Nett var i 2005 6500 GWh.

Eigarar[endre | endre wikiteksten]

BKK Nett er eigd av kommunar og fylkeskommunar i Hordaland. Statkraft har dei siste åra kjøpt seg opp ved å kjøpe aksjar frå mellom anna Os kommune.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]