Wadi Ara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om dalen. For den tidlegare landsby i Palestina, sjå Wadi Ara i Haifa.
Koordinatar: 32°29′38.67″N 35°3′16.13″E
Wadi Ara
dal
BartaaHarish9485.JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°29′38.67″N 35°3′16.13″E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Wadi Ara

Wadi Ara (òg kalla Nahal 'Iron, arabisk وادي عارة, hebraisk נחל עירון, ואדי עארה), er ein dal i Israel som hovudsakleg er folkesett av arabarar. Wadi Ara ligg nordvest for Den grøne linja i Haifa distrikt. Hovudveg 65 gå gjenneom dalen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Wadi Ara er ein 20 km wadi nord i Israel som byrjar ved møtepunktet i Samaria mellom Manassesletta og Sharonsletta. Elveleiet byrjar nær Umm al-Fahm og renn sørvestover langs grensa mellom Manasseåsane og Umm al-Fahm-åsane. Kring 1 km vest for grensesjekken på hovudveg 65, opnar dalen seg ut mot Sharonsletta, og elva vert ei sideelv til Haderaelva, sør for Talmei Elazar og nord for Tel Zeror.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Wadi Ara er ei historisk rute mellom Den israelske kystsletta og Jezreeldalen. Seint i bronsealderen nytta den egyptiske kongen Thutmose III ruta, som då heitte Aruna, for å overraske fiendane sine og ta kontroll over Megiddo. Ifølgje informasjonen på ein stele frå Armant rykka kong Kadesh fram med hæren sin til Megiddo.[1] Thutmose III samla sin eigen hær og drog ut frå Egypt og passerte gjennom grensefestninga Tjaru (Sile).[2] Thutmose marsjerte soldatane sine over kystsletta så langt som til Jamnia, så inn i landet til Yehem, ein liten by nær Megiddo.[2] Det påfølgjande slaget ved Megiddo var truleg det største slaget i dei 17 felttoga til Thutmose.[1] Ein fjellrygg som stikk inn i landet frå Karmelberget stod mellom Thutmose og Megiddo, og han hadde tre potensielle ruter han kunne ta.[1] Den nordlege og den sørlege ruta, som begge gjekk kring fjellet, vart rekna som dei tryggaste rutene, men Thutmose valde den farlege ruta inn Arunapasset, som visstnok berre var akkurat var breitt nok til at ein armé kunne passere hest etter hest og mann etter mann.[2]

Området vart erobra av dei irakiske styrkane til Den arabiske ligaen i den arabisk-israelske krigen i 1948, og vart avstått til Israel i byte for område sør for Hebron i våpenkvileavtalen i 1949 med Jordan. I mars 1949, då den jordanske armeen erstatta den irakiske styrken, vart tre israelske brigadar flytta inn i stillingar i operasjon Shin-Tav-Shin. Etter denne operasjonen, forhandla Israel på ny våpenkvilelinja i Wasi Ara-området nord på Vestbreidda i ein avtale den 23. mars 1949. 15 landsbyar vart då avstått til Israel.[3]

Stader i Wadi Ara[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Arabiske[endre | endre wikiteksten]

Jødiske[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Redford, Donald B. Egypt, Kanaan, and Israel in Ancient Times. s. 156-7. Princeton University Press, Princeton NJ, 1992.
  2. 2,0 2,1 2,2 Steindorff, George; and Seele, Keith. When Egypt Ruled the East. s.53-4. University of Chicago, 1942.
  3. The Politics of Partition; King Abdullah, The sionists, and Palestina 1921-1951 Avi Shlaim Oxford University Press Revised Edition 2004 ISBN 0-19-829459-X s. 299, 312