Be'eri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°25′25.67″N 34°29′23.28″E
Be'eri
בְּאֵרִי
kibbutz
תמונה 815.jpg
Gamle Be'eri (Nahabir).
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Nord-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Eshkol
Koordinatar 31°25′25.67″N 34°29′23.28″E
Grunnlagd 6. oktober 1946
 - Grunnlagd av HaNoar HaOved VeHaLomed-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Be'eri
Nettstad: beeri.kibbutz.org.il

Be'eri (hebraisk skrift בְּאֵרִי) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg nordvest i Negevørkenen nær grensa til Gazastripa og høyrer til Eshkol regionale kommune. I 2006 hadde han 774 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Be'eri

Beeri vart grunnlagd den 6. oktober 1946 som ein av Dei 11 punkta i Negev. Han ligg nær Wadi Nahabir, nokre få kilometer sør for Be'erot Yitzhak. Grunnleggjarane var medlemmar av HaNoar HaOved VeHaLomed-rørsla, som hadde førebudd seg i Maoz Haim, i tillegg til somme hebraiske speidarar. Han vart kalla opp etter Berl Katznelson som nytta Be'eri som pseudonym.[1]

I 1947 hadde Be'eri eit folketal på over 150, og før den israelsk-arabiske krigen i 1948 deltok nybyggjarane i landvinning og treplanting.[2] Gruppa auka då fleire unge Halutzim frå Irak kom hit. I følgje ein rapport frå Jewish National Fund i 1949, «I mange månadar var kibbutzen fullstendig isolert, men nybyggjarane heldt fast fram til frigjeringa av Negev i oktober 1948.» [2]

Etter israelsk sjølvstende i 1948, vart kibbutzen flytta 3 km søraust til den noverande plasseringa. Han har tradisjonelt vore ein av dei rikaste kibbutzane i Israel.[1] Etter starten på den andre Intifada har han fleire gonger blitt råka av åtak med Qassam-rakettar og kampar nær den israelske sperringa på Gazastripa, åtte kilometer unna.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval Elʻazari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 53–54. ISBN 965-7184-34-7.  (he)
  2. 2,0 2,1 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 14. 
  3. Eyadat, Fadi (17. april 2008). «kibbutz Be'eri residents ask: War, what war? It's 8 kilometer away». Haaretz. Henta 9. september 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]