Tze'elim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°12′12.96″N 34°32′6.35″E
Tze'elim
צֶאֱלִים
landsby
Bus376 at Tze'elim.jpg
Bussrute 376 med Egged Ta'avura i Tze'elim
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Eshkol
Koordinatar 31°12′12.96″N 34°32′6.35″E
Grunnlagd Januar 1947
 - Grunnlagd av austeuropeiske and nordafrikanske immigrantar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Urban Warfare Training Centre in Tze'elim

Tze'elim (hebraisk skrift צֶאֱלִים) er ein kibbutz i Negevørkenen sør i Israel. Han høyrer til Eshkol regionale kommune og har eit folketal på 418 i 2006. Det ligg ein militær treningsbase for bakkestyrkane til IDF (ofte kalla «Tze'elim-basen» etter kibbutzen) nær kibbutzen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen vart grunnlagd i januar 1947 av ein gar'in frå ungdomsrørsler i Aust-Europa og Nord-Afrika, og vart kalla opp etter dei mange akasietrea i området, som vart feilaktig identifisert som dei bibelske Tze'elim-trea. Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart kibbutzen nytta som militærbase.

I dag er kibbutzen eit turistmål med naturlege varmekjelder og tilhøyrande hotell. Andre næringar er jordbruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]