Mivtahim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mivtahim
מִבְטַחִים
kibbutz
Land  Israel
Region Nordvest-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Eshkol
Koordinatar 31°14′31.92″N 34°24′28.43″E / 31.2422000°N 34.4078972°E / 31.2422000; 34.4078972
Folketal 406 (2015)
Grunnlagd 7. januar 1947 (som ein kibbutz)
1950 (som ein moshav)
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Kart
Mivtahim
31°14′32″N 34°24′28″E / 31.2422°N 34.407897222222°E / 31.2422; 34.407897222222
Wikimedia Commons: Mivtachim

Mivtahim (hebraisk skrift מִבְטַחִים, tyder 'Trygge heimar') er ein moshav sør i Israel. Han ligg i Hevel Eshkol-området nordvest i Negevørkenen nær Gazastripa i Eshkol regionale kommune. I 2006 hadde han 335 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Busetnaden vart først grunnlagd den 7. januar 1947 som ein kibbutz av HaOved HaTzioni-rørsla.[1] Namnet er henta frå[2] Jesaja 32:18;

Mitt folk skal bu på ein fredeleg buplass, i trygge heimar og på sikre kvilestader.[3]

Den 22. april 1948 var det ein alvorleg samanstøyt mellom den britiske hæren og vaktar i kibbutzen, då væpna einingar, inkludert stridsvogner stod ved portane. Under den arabisk-israelske krigen i 1948 valde innbyggjarane å flytte frå Mivtahim og slo seg saman med innbyggjarane i Nitzanim og danna ein ny kibbutz. Alt som er att av den originale busetjinga i dag er ein tryggleiksbygning.

I 1950 vart ein moshav grunnlagd like ved den fråflytta kibbutzen av immigrantar frå Kurdistan. I 1954 kom immigrantar frå Marokko til og fleire frå Kurdistan. Moshaven vart nytta som infanteribase av IDF under Suezkrisa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Place Names in Israel. A Compendium of Place Names in Israel. Omsett frå hebraisk, Jerusalem 1962 (Israels statsminister. The Israeli Program for Scientific Translations) s.105 (Plasseringa til boka: Ben Zvi Institute Library, 12 Abarbanel St., Jerusalem; i nettkatalogen: [1][daud lenkje]
  2. Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.335 , ISBN 965-220-186-3 (engelsk)
  3. Jesaja kapittel 32 bibelen.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]