Gvulot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gvulot
גְּבוּלוֹת
landsby
Land  Israel
Region Nordvest-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Eshkol
Del av Three lookouts
Koordinatar 31°12′37.08″N 34°27′57.95″E
Folketal 299 (2015)
Grunnlagd 12. mai 1943
 - Grunnlagd av rumenske and tyrkiske immigrantar.
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Gvulot
31°12′37″ N 34°27′58″ E
Wikimedia Commons: Gvulot

Gvulot (hebraisk skrift גְּבוּלוֹת, tyder Grenser) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg nordvest i Negevørkenen og høyrer til Eshkol regionale kommune. I 2006 hadde han 239 innbyggjarar.

Gvulot ligg kring 120 meter over havet.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Busetnaden vart grunnlagd på landområde eigd av Jewish National Fund den 12. mai 1943 av immigrantar frå Romania og Tyrkia, som var medlemmar av «kibbutz Eretz Israel Gimel»-gruppa til Hashomer Hatzair. Dei fekk økonomisk støtte av Keren Hayesod. Han vart først kalla Mitzpe Gvulot (hebraisk skrift מִצְפֶּה גְּבוּלוֹת, tyder Grensepost), og var den første av dei tre utkikkspunkta, i lag med Beit Eshel og Revivim. Det var den andre moderne, jødiske busetnaden i Negev, og den første i nærleiken av Gaza.[1][2] Føremålet var å vakte over landområdet til JNF, i tillegg til å forske på jordsmonnet og klimaet i regionen og finne ut om det var høvande for jordbruk.

Mitzpe Gvulot

Han vart godteken som kibbutz i 1946. Før den arabisk-israelske krigen i 1948 var han delt i to, der nokre få familiar budde på staden der kibbutzen låg etter krigen, og resten i ein nærliggande militærbase. Under krigen var staden base for den 8. brigaden til Israel. Etter krigen, i 1949, flytta innbyggjarane til den noverande plasseringa av Gvulot, kring 1,5 km sør for basen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Vilnai, Ze'ev (1976). «Gvulot». Ariel Encyclopedia. Volume 2. Tel Aviv i Israel: Am Oved. s. 1129.  (he)
  2. Mitzpe Gvulot - The first lookout i Negev Arkivert 2008-03-06 ved Wayback Machine. kibbutz Gvulot

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]