Berg kyrkje på Senja
| Berg kyrkje | |||
| kyrkje | |||
Foto: Helge Høifødt | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Troms | ||
| Kommune | Senja | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
| Prosti | Senja | ||
| Sokn | Berg | ||
| Fellesråd | Berg | ||
| Arkitekt | Hans Magnus | ||
| Material | Betong | ||
| Innvigd | 1955 | ||
| Takryttar | På mønet, i nordvest | ||
| Kor | Rett avslutta | ||
| Klokker | 1, O. Olsen & Søn (1955) | ||
| Kyrkjegard | Nei | ||
| Preikestol | I tre, frå 1955, teikna av arkitekten | ||
| Døypefont | I tre, frå 1955 | ||
| Altartavle | Torvald Moseid | ||
| Orgel | Vestre orgelfabrikk (1955) | ||
| Sitjeplassar | 225 | ||
| Diverse | Glasmåleri av Torvald Moseid (1955) | ||
![]() Berg kyrkje 69°26′45″N 17°17′58″E / 69.4458°N 17.2995°E | |||
| Wikimedia Commons: Berg kirke (Troms) | |||
Berg kyrkje er ei langkyrkje frå 1955 i Senja kommune i Troms på yttersida av Senja. Byggverket er i betong. Arkitekt for kyrkja var Hans Magnus.
Altartavla er skore ut i tre og dekorert av Torvald Moseid. Det er eit triptykon med Kristus, Maria og apostelen Johannes i midtfeltet. Sidefelta har to apostler på kvar. Moseid har òg utført glasmåleria i kyrkja, som har motiv frå Jesu liv.
Både preikestolen og døypefonten er i tre og frå året då kyrkja vart ferdigstilt. Orgelet er eit pneumatisk orgel frå Vestre orgelfabrikk.
Kyrkja har ein takryttar med ei klokke frå O. Olsen & Søn. Klokka har inskripsjonen «Land, Land, Land, Hør Herrens Ord».
Kyrkjehistorie
[endre | endre wikiteksten]
Dagens kyrkje er om lag den tredje kyrkja på Berg. Mellomalderkyrkja stod på Kjerkeberget lengre nordvest. Denne kyrkja vart skildra som falleferdig på 1600- og 1700-talet, og det var ynskje om å flytte kyrkjestaden, men i 1780 eller 1781 vart ei ny kyrkje oppført på same staden. Dette var ei lafta langkyrkje. Kyrkja vart vøla og fekk vesttårn og sakristi i 1844, og i 1884 vart ho ombygd og utvida igjen.[1][2] Denne kyrkja vart riven av tyskarane i 1942.[3] Dagens kyrkje står på Skaland (gnr. 10), et stykke søraust for der dei tidlegare kyrkjene stod.
Noregs første kvinnelege prest, Ingrid Bjerkås, var sokneprest i Berg i 1961–65.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Berg kirke (Skaland)» frå Wikipedia på bokmål, den 11. september 2019.
- Alf Henry Rasmussen (1993). «Berg kirke, Skaland». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 130. ISBN 82-75-27022-7.
- Jan Brendalsmo og Jan-Erik G. Eriksson: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Troms fylke (Riksantikvaren, 2016), s. 31–32
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Berg kyrkje på Senja». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Berg kyrkje på Senja i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Arthur Brox (1965). Berg og Torsken bygdebok 2: Bygdehistoria. s. 286–292.
- Berg kyrkjelyd[daud lenkje]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Brendalsmo & Eriksson, s. 31.
- ↑ Riksantikvaren: Berg gamle kirkested
- ↑ Berg kommune: Tilbakeblik på okkupasjonstida Arkivert 2019-02-10 ved Wayback Machine.
- ↑ Hun var stolt, tøff og modig. 50-års jubileum for Norges første kvinnelige prest (nrk.no, 17. juni 2011)
