Berit Reiss-Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Berit Reiss-Andersen
Berit Reiss-Andersen, chairwoman of the Norwegian Nobel Committee.jpg
Fødd 11. juli 1954
Drøbak

Berit Reiss-Andersen (fødd 11. juli 1954) er ein norsk advokat med møterett for Høgsterett og fast forsvarer for Høgsterett sidan 2002. Ho har også gitt ut to kriminalromanar saman med forfattaren og tidlegare justisminister Anne Holt. I 2008 vart ho vald til leiar i Den norske Advokatforening.

Berit Reiss-Andersen tok jurisk embetseksamen i 1981. Ho har deretter arbeidd som sakshandsamar i Utlendingsdirektoratet, konsulent i Justisdepartementet og politifullmektig og politiadjutant ved Oslo politikammer. Frå 1987 har ho drive eigen advokatpraksis. I 1997 vart ho fast forsvarar i Oslo tingrett og Borgarting lagmannsrett.[1] Ho var statssekretær for justisminister Anne Holt frå 1996 i Thorbjørn Jagland si regjering, men slutta etter at Gerd-Liv Valla tok over ministerposten i 1997. I høve Ingunn Yssen sine påstandar mot Valla i januar 2007 kom det fram at Reiss-Andersen slutta på grunn av samarbeidsproblem med Valla.

Berit Reiss-Andersen var tidlegare gift med animatøren Pjotr Sapegin.

Boka Uten ekko er dramatisert som høyrespel for NRK Radioteateret.

Den Norske Nobelkomité[endre | endre wikiteksten]

I 2011 vart ho vald som medlem av Den Norske Nobelkomité for perioden 2012–2017, og vart fungerande leiar for komitéen frå 20. februar 2017 etter Kaci Kullmann Five sin død.[2] [3]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Løvens gap – kriminalroman (1997) (Saman med Anne Holt)
  • Uten ekko – kriminalroman (2000) (Saman med Anne Holt)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]
  2. «Berit Reiss-Andersen blir ny leder». NRK. Henta 4. juni 2017. 
  3. «Ny sammensetning». Nobelprize.org. Henta 4. juni 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]