Bitter-Sweet av Bryan Ferry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bitter-Sweet
Studioalbum av Bryan Ferry
Utgjeve 30. november 2018
Sjanger retroswing og trad jazz
Lengd 42:52
Selskap BMG Rights Management
Produsent Bryan Ferry, Rhett Davies
Bryan Ferry-kronologi
Avonmore
(2014)
Bitter-Sweet


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Clash8/10[2]
musicOMH4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]

Bitter-Sweet er det sekstande studioalbumet til den engelske songaren Bryan Ferry, offisielt gjeve ut under namnet Bryan Ferry and his Orchestra.[4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Albumet består av nyinnspelingar av eldre songar av Ferry og Roxy Music på same vis som albumet hans frå 2012, The Jazz Age. Albumet var inspirert av at Ferry deltok i serien Babylon Berlin, eit tysk periodedrama basert på bøker av Volker Kutscher, sett til 1920-åra.[5][6] Medan The Jazz Age utelukkande bestod av instrumentalar, inneheld Bitter-Sweet åtte spor med song. Albumet omfattar ragtime, blues og jazz. Seks av songane på albumet, «Alphaville», «Reason or Rhyme», «Bitter-Sweet», «Dance Away», «Chance Meeting» og «Bitters End» var alle nytta i lydsporet til Babylon Berlin.[1]

Det vart òg gjeve ut ei luksusutgåve på CD med ei 18 sider bok og ei avgrensa vinylutgåve på 180-grams svart vinyl.

Plateomslaget var designa i same stil som perioden musikkstilen var inspirert av.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Allmusic skreiv om albumet: «Som arrangert av Good og Fery, er dette alle smarte og romantiske produksjonar som framkallar den røykfylte stemninga i Babylon Berlins Weimar-republikk. Andre stader forvandlar Ferry den sofistikerte new-wave-stilen på «While My Heart Is Still Beating» frå Avalon frå 1982 til ei glatt, delvis tildekka kravling, og på liknande vis vert pop-eksotikken på tittelsporet «Boys and Girls» frå 1985 gjort om til ein saktebrennande flamenco-feberdraum. Særskild overtydande er Ferry og orkesteret hans i den kjappe utgåve av «Sign of the Times» frå The Bride Stripped Bare frå 1978, der dei drivande gitarlinjene på det originale sporet blir transponert til trompet. Dette er stemningsskapande jazz dryssa med det gylne støvet frå den glitrande rockefortida til Ferry.» [1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bryan Ferry.

Nr.TittelLengd
1.«Alphaville»2:54
2.«Reason or Rhyme»3:42
3.«Sign of the Times»2:29
4.«New Town»3:57
5.«Limbo»2:49
6.«Bitter-Sweet»3:57
7.«Dance Away»2:47
8.«Zamba»3:05
9.«Sea Breezes»3:01
10.«While My Heart Is Still Beating»3:11
11.«Bitters End»2:26
12.«Chance Meeting»3:47
13.«Boys and Girls»4:40

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Bryan Ferry - vokal
  • Colin Good - piano og harmonium
  • Richard White - sopran-, alt og bass-saksofon, klarinett og bassklarinett
  • Robert Fowler - tenorsaksofon og klarinett
  • Alan Barnes - barytonsaksofon og klarinett
  • Enrico Tomasso - trompet
  • Malcolm Earle Smith - trombone
  • Ian Bateman - trombone
  • Martin Wheatley - banjo og gitar
  • John Sutton - trommer
  • Marc Easener - trombone og susafon
  • Frank Ricotti - perkusjon
  • Marina Moore - bratsj og fiolin
  • Roe Stephens - fiolin og bratsj
  • Julian Rowlands - trekkspel og piano
  • Emma Parker - fiolin
  • Sarah Chapman - bratsj
  • Emma Owens - bratsj
  • Katy Cox - cello
  • Charlie Woof-Byrne - piano
  • Camilla Pay - harpe
  • Chris Laurence - kontrabass
  • Sam Becker - kontrabass
  • Karen Street - trekkspel
  • Bobbie Oldham (Gordon) - vokal
Teknisk
  • Rhett Davies og Bryan Ferry - produsent
  • Colin Good og Bryan Ferry - arrangement
  • Simeon Willey og Rhett Davis - innspeling og miksing

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2018) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[7] 28
Belgiske album (Ultratop Flandern)[8] 151
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[9] 194
Nederlandske album (MegaCharts)[10] 193
Tyske album (Offizielle Top 100)[11] 46
Skotske album (OCC)[12] 37
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[13] 80
Britiske album (OCC)[14] 60
US Independent Albums (Billboard)[15] 29
US Top Jazz Albums (Billboard)[16] 5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Collar, Matt. «AllMusic Review». AllMusic. Henta 26. juli 2021. 
  2. Padin, Malvika (4. desember 2018). «Clash Magazine Review». Clash. Henta 26. juli 2021. 
  3. Smith, Nick (30. november 2018). «MusicOMH Review». MusicOMH. Henta 26. juli 2021. 
  4. «Roxy Music's Bryan Ferry announces new solo album, Bitter-Sweet». Consequence of Sound. 23. oktober 2018. 
  5. Amorosi, A.D. (29. november 2018). «Album Review: Bryan Ferry and His Orchestra's 'Bitter-Sweet'». Variety. 
  6. Hodgkinson, Will (30. november 2018). «Bryan Ferry: Bitter-Sweet review». The Times. 
  7. "Bryan Ferry and His Orchestra - Bitter-Sweet" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 26. juli 2021.
  8. "Bryan Ferry and His Orchestra – Bitter-Sweet" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 26. juli 2021.
  9. "Bryan Ferry and His Orchestra – Bitter-Sweet" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 26. juli 2021.
  10. "Bryan Ferry and His Orchestra – Bitter-Sweet". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 26. juli 2021.
  11. "Offiziellecharts.de – Bryan Ferry and His Orchestra – Bitter-Sweet" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 26. juli 2021.
  12. "20181207 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 26. juli 2021.
  13. "Bryan Ferry and His Orchestra – Bitter-Sweet". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 26. juli 2021.
  14. "20181207 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 26. juli 2021.
  15. "Bryan Ferry Album & Song Chart History" Billboard Independent Albums for Bryan Ferry. Prometheus Global Media. Henta 26. juli 2021.
  16. "Bryan Ferry Album & Song Chart History" Billboard Top Jazz Albums for Bryan Ferry. Prometheus Global Media. Henta 26. juli 2021.